Heim Nyhende Kampklar

Kampklar

Mette Nord er nyvald leiar i Fagforbundet. Hjartesakene hennar er kampen mot privatisering og kampen for å sikre gode jobbar. Men ho kan gjerne slå eit slag for nynorsken også.

 

–    Kva er ditt forhold til nynorsk?

–    Språk er viktig. Eg må nok vedgå at eg ikkje skriv så ofte på nynorsk, men det er ikkje det same som at eg ikkje verdset nynorsken.

–    Fagforbundet har vore oppteke av nynorsk og kampen for rettane nynorskbrukarane har. Kva tenkjer du om det?

–    Fagforbundet var det første fagforbundet som vedtok ein språkpolitikk, og framleis trur eg vi er blant dei få som har ein slik politikk. Språkpolitikken vår heng sjølvsagt ikkje saman med val av leiar, den er det våre vedtaksføre organ som tek avgjerd om. Det er ikkje så lenge sidan vi fornya samarbeidsavtalen vår med LNK.

–    Kva trur du blir den viktigaste utfordringa til nynorskkommunane?

–    Det blir feil å peike på språkpolitikk aleine i eit slikt spørsmål. Vi har nyleg fått ei ny regjering som har planar om omfattande privatisering, og som vil bruke tvang for å slå saman kommunar. Eg er òg alvorleg bekymra for kommuneøkonomien under den nye regjeringa. Eg miner at det må vere opp til folk i kvar enkelt kommune om dei vil ha nynorsk som hovudmål. Det bør ikkje være opp til politikarar i Oslo å ta slike avgjerder. Ei felles språkleg oppgåve for all offentleg forvalting er å skrive lettfatteleg, slik at alle skjøner det forvaltinga skriv.

–    Kor viktig er det å formidle god nynorsk i skule og barnehage? Og få tilgang til god nynorsklitteratur for alle målgrupper?

–    Vi har to skriftspråk her i landet. Då er det sjølvsagt viktig med godt språk i skule og barnehagar på den målforma folk nyttar, uavhengig om det er nynorsk eller bokmål, men det er klart at oppgåva er mykje større for nynorsken. Vi må oppmode barn til å bruke si eiga dialekt. Eg meiner vidare at folk bør sikrast tilgang til god litteratur på den språkforma dei nytter. Her er biblioteka viktige. Men alle veit at det krev pengar å gje ut bøker på nynorsk. Når den nye regjeringa kuttar i kulturbudsjetta, lover det ikkje godt.

–    Kvifor er samarbeidet mellom Fagforbundet og LNK viktig?

–    Fagforbundet har medlemer i alle kommunar. Språkpolitikk og kampen for at vi fortsett skal ha to skriftspråk, er viktig for mange medlemer. Det kjem til uttrykk i politikken vår, men òg i høve kven vi vel å samarbeide med. Det er ein viktig grunn til at vi samarbeider med LNK.

–    Kva er di hjertesak som leiar?

–    Det er kampen mot privatisering og kampen for trygge og gode jobbar for medlemene. Alle bør ha ein sjølvsagt rett til å ha ei løn dei kan leve av, og trygg jobb å gå til kvar dag.

–    Korleis var det å overta leiarstolen?

–    Eg er stolt over ha blitt vald til leiar for ein av dei største organisasjonane i landet. Medlemene har gjeve meg tillit, og eg er klar for å gå laus på alle oppgåvene. Det er mange hindringar på vegen, men vi har vist at vi kan vinne før, og eg er viss på at vi skal gjere det igjen. Vi har dessutan om lag 20 000 tillitsvalde landet rundt som vil gjere sitt beste for medlemene.

Mette Nord

Aktuell: Tok nyleg over som leiar i Fagforbundet

Les:  Aviser dagleg

Høyrer på: Blant anna Joe Cocker

Førebilete: Nelson Mandela

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...