Heim Nyhende – Ingen nynorskaviser å miste

– Ingen nynorskaviser å miste

Ansvarleg redaktør i Firdaposten, Svend Arne Vee, meiner det vil bli alvorleg for fleire av avisene i Sogn og Fjordane dersom regjeringa gjennomfører kutt i pressestøtta for aviser med opplag mellom 4000 og 6000. Firdaposten har eit opplag på om lag 5000.

–    Dette kom veldig overraskande på meg. Eg trur ikkje det var så mange som såg dette kome; dei fleste har snakka om momsproblematikken, både når det gjeld papiraviser og digitale produkt, seier Vee, som meiner timinga for forslaget nesten ikkje kunne vore verre.

–    Me står framfor eit digitalt taktskifte meir enn nokon gong, og no er tida for alvor komen til lokalavisene. Det blir ein utfordrande fase, der me må betale overgangen med eigne midlar.

Trass i at Vee meiner Firdaposten skal klare seg greitt utan pressestøtta, legg han ikkje skjul på at han truleg må kutte eit årsverk i redaksjonen.

–    Me ville hatt om lag 400 000 kroner i pressestøtte for neste år, og det betyr i praksis at eg må kutte ei stilling redaksjonelt.

Marknadsavdelinga er allereie lita og arbeider knallhardt for å halde oppe inntektene i avisa, så der er det ingenting å gå på. Resultatet blir i verste tilfelle eit dårlegare produkt, slår redaktøren fast.

Dersom det nye framlegget om kutt går gjennom, vil tre av dei åtte avisene i Sogn og Fjordane truleg gå med raude tal til neste år, trur Vee.

–    Det er sørgjeleg, marknadskreftene og trendane klarer å ta livet av nok aviser, om ein ikkje skal fjerne pressestøtta med det same.

–    Kva vil dette ha å seie for nynorsken?

–    Me har ikkje ei einaste nynorskavis å miste. I tillegg er det vanskeleg å halde oppe den gode språklege kvaliteten; det krev òg midlar.

No håpar Svend Arne Vee at forslaget får ei kald skulder i Stortinget.

–    Eg er slett ikkje sikker på at dette går gjennom. Eg håpar det blir vanskeleg å få både Venstre og Arbeidarpartiet med på det, seier han.

Noregs Mållag reagerer på at fleire nynorskaviser vil bli råka av endringane regjeringa ynskjer å gjennomføre i pressestøtta.

Regjeringa har sendt eit framlegg om endringar i pressestøtta ut på høyring. Framlegget går mellom anna ut på å kutte stønaden til aviser med eit opplag på mellom 4000 og 6000. Mellom dei avisene som vil bli råka av eit slik kutt, finn ein 10 reine nynorskaviser.

Regjeringa skriv sjølv i høyringsbrevet at nokre av avisene vil få det tøft om tilskotet vert fjerna, og Noregs Mållag er uroa for kva konsekvensane kan bli.

– Desse avisene er åleine i sitt område, og forsvinn ei av dei, vil det ha store demokratiske konsekvensar i området avisa dekkjer, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

– For nynorskavisene er det ei dobbel uro fordi avismangfaldet i Noreg er med på å halde språket oppe. Alle språkbrukarar treng å sjå språket sitt for å halde på det, seier Marit Aakre Tennø.

– Mange stader er lokalavisene heilt avgjerande for at folk skal kunne sjå nynorsk i skrift, så lenge dei store riksavisene ikkje opnar for nynorsk i spaltene sine. Forsvinn ei nynorskavis, er dei fleste stadene det næraste alternativet ei regionavis på bokmål. Både demokratiet og språkmangfaldet er avhengig av stort avismangfald. Kvar einaste lokalavis er viktig i Noreg. Det vil vere uklokt å kutte i stønaden i ei tid der aviskvardagen er vanskeleg nok som han er.

–    Regjeringa sitt forslag om å fjerne pressestøtta for aviser med mellom 4000 og 6000 eksemplar i opplag, er eit åtak på nynorsken. Det seier redaktør Rune Sæbønes i Møre-Nytt til eiga avis.

– Eg er overraska fordi det kunne sjå ut som om regjeringa sitt opphavlege forslag om kutt i pressestøtta vart fjerna etter forhandlingane mellom Kristeleg Folkeparti og Venstre, seier Sæbønes. Han peikar på at fleire av dei avisene som forslaget vil råke, ligg i nynorskdistrikt.

– Dette gjeld aviser som Vestlandsnytt, Vikebladet Vestposten og Fjordingen i vårt område. Alle desse er nynorskaviser, seier Sæbønes til Møre-Nytt.

Han meiner regjeringa har eit ansvar for å ta vare på det tospråklege Noreg.

– For nynorsken er lokalavisene avgjerande. Det er gjennom lokalavisene, på papir og ikkje minst på nett, at lesarane får tilgang til nyhende på nynorsk. Det er gjennom lokalavisene at nynorsken vert eit naturleg bruksspråk i nedslagsområdet, seier Sæbønes.
Møre-Nytt tok i 2013 i mot 420 000 kroner i produksjonsstøtte frå staten. Redaktøren er klar på at eit kutt heilt klart vil råke økonomien i avisa.

Fakta:
Nynorskaviser med opplag mellom 4000 og 6000: (støtte for 2013 i parentes)
Firdaposten 430 985
Fjordingen 430 985
Hordaland Folkeblad 361 024
Møre-Nytt 430 985
Nordhordland 640 868
Os og Fusaposten 361 024
Strilen 640 868
Vestlandsnytt 361 024
Vest-Telemark blad 430 985
Vikebladet Vestposten 430 985
Språkblanda aviser med både nynorsk og bokmål:
Dølen 291 063
Fjordenes Tidende 430 985
Hardanger Folkeblad 430 985
Telen 640 868
(Kjelde: Noregs Mållag)

Førre artikkelKampklar
Neste artikkelStrid om skilting

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...