Heim Nyhende Kartlegg målbruken i kommunane

Kartlegg målbruken i kommunane

– Det trengs eit meir systematisk arbeid for å styrkje det nynorske administrasjonsmålet i kommunesektoren, heiter det i kommuneproposisjonen som nyleg vart lagt fram. No skal målbruken i kommunane kartleggast.

114 kommunar har gjort vedtak om å krevje nynorsk i alle skriv frå statlege styresmakter til kommunen. Tilsvarande vedtak har også tre av fylkeskommunane gjort, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. I 2006 gjennomførte LNK og Nynorsk kultursentrum ei kartlegging om korleis denne regelen fungerer i praksis, og om i kva grad nynorskkommunane nyttar nynorsk som kommunalt administrasjonsmål. No skal ein følgje opp denne kartlegginga med ei ny.

– Språkrådet, som er statens organ i språkspørsmål, har i lengre tid arbeidd med å førebu ei ny kartlegging av målbruken i kommunane. Ei slik spørjeundersøking må planleggast nøye for at resultatet skal bli best mogleg, og dette har teke noko lengre tid enn ein tidlegare trudde. Det ser no ut til at arbeidet kan gjennomførast hausten 2010, heiter det i kommuneproposisjonen frå Kommunal – og regionaldepartementet.

Departementet viser i tillegg til at ein også i 2010 vil dele ut prisen Årets nynorskkommune. I fjor var det Stord kommune som vann prisen som blir delt ut i samarbeid med LNK.

Les kommuneproposisjonen her.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...