Heim Nyhende Klart for "Få meg på"

Klart for «Få meg på»

Fem frå Bergens Tidende, tre frå VG: Terningane er kasta for «Få meg på, for faen». I dag er det premiere for publikum.

Filmen Få meg på, for faen er basert på boka til Olaug Nilssen frå 2005, og den vart laga på Sand i Ryfylke i fjor. Filmen handlar om Alma på 15 år som går på ungdomsskulen og drøymer om å kome seg ut av bygda. Dessutan er ho alltid kåt, så kåt at ho somme gonger lurer på om ho er sjuk.

I går var det pressevising av filmen og den får gode omtalar. Filmpolitiet i P3 seier filmen er «søt, sjarmerende og burde kunne snakke til mange unge jenter og gutter» og gir den ternigkast fire. Ein femmer blir det frå Bergens Tidende som seier Få meg på, for faen er ei «vellukka skildring av gryande seksualitet i fjordlandskapet». VG trillar terningen til ein trear og seier filmen er ei «temmeleg vinglete, lenge uklar, men definitivt sjarmerende historie».

Filmen var representert på Tribeca filmfestival i New York tidlegare i år. Då fekk regissør Jannike Syrstad pris for beste manus.

I 2007 vart boka dramatisert på Det Norske Teatret.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Hurra for Hudd på nynorsk!

Det norske sosiale mediet Hudd er no tilgjengeleg på nynorsk. Med nær 200 000 brukarar i Skandinavia tek selskapet endå eit steg i arbeidet...