Heim Nyhende Kommunane merkar lite til statleg kulturløft

Kommunane merkar lite til statleg kulturløft

Kommunane merkar lite til den statlege satsinga på det såkalla Kulturløftet. Dei auka kulturløyvingane går for det meste til nasjonale og regionale tiltak.

– Kulturløftet er eit statleg prosjekt og kjem i liten grad kommunesektoren til gode. Det er eit Giske-prosjekt som gjev mykje merksemd, men liten reell effekt for kultursatsinga i den jamne kommune, seier forskar Oddveig Storstad ved Norsk senter for bygdeforsking til Aftenposten.

 

Tal frå kulturstatistikken til Statistisk sentralbyrå for 2010 viser at medan kulturbudsjettet til regjeringa dei seinare åra har auka vesentleg, har kulturløyvingane til kommunane i same periode gått ned frå 52 til 47 prosent.

 

Forklaringa er at dei statlege kulturmidlane hovudsakleg går til nasjonale og regionale institusjonar og prosjekt, medan kommunane må prøva å finna plass til kultur på eigne budsjett. Det gjev små rom for spenstige kulturløft.

 

– Kulturen taper kampen når dei kommunale budsjetta skal vedtakast. Slik har det vore sidan midten av 90-talet, seier Storstad.

 

Sigrun Vågeng, direktør for KS, interesseorganisasjonen for kommunane, peikar på si side på at det i kroner og øre har vore ein stor auke i kulturbudsjetta til kommunane.

 

Ein nærmare analyse av tala viser likevel at det meste av pengane går til å byggja store idrettshallar og kulturbygg. Løyvingane til den daglege drifta av bibliotek, kulturskular, museum og enkelte kulturprosjekt har i same periode gått ned, skriv Aftenposten.

 

– Det blir dessverre slik at i ein stram kommuneøkonomi, vinn dei store lovpålagde oppgåvene, seier direktøren i KS.

 

Kor mykje pengar kommunane brukar på kultur varierer likevel mykje frå kommune til kommune. Medan kraftkommunen Bykle i Aust-Agder brukar 22.721 kroner per innbyggjar til kulturformål, brukar Frp-kommunen Os i Hordaland berre 413 kroner. (NPK)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...