Heim Nyhende Betre kulturvekst

Betre kulturvekst

Det står ikkje så dårleg til med kultursatsinga i kommunenoreg som gårsdagens oppslag kunne tyde på.

I går kunne vi lese at kommunenoreg i liten grad fekk merke noko til Kulturløftet, og at kommunane brukte mindre på kultur no enn for fem-seks år sidan. Saken hadde sitt opphav i Aftenposten, som hadde lagt KOSTRA-tal for perioden 2006 til 2010 til grunn. Men i dag vedgår Aftenposten at tala som er brukt ikkje er samanliknbare, og at kommunane sin del av kulturmidlane i realiteten har vore stabil, ikkje synkande. Forklaringa er at kommunane sin andel av kulturmidlane i 2006 også innbefatta midlar til kyrkje- og andre religiøse føremål, medan desse tala var trekte ut i 2010-statistikken. Dermed vart desse åra ikkje samanliknbare, og grunnlaget for å seie at kommunane brukte mindre på kulturføremål vart feil.

Nettavisa Minerva har sett nærmare på tala som er lagt til grunn i saken og slår fast at kommunane snarare brukte meire pengar på kultur desse åra, ikkje mindre.

Framtida.no har sett nærmare på kommunane si satsing, og finn at Oslo kommune i 2006 prioriterte kultur lågare enn landsgjennomsnittet, men har tatt seg best opp i åra etter.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...