Heim Nyhende – Brukar festivalen for det den er verdt

– Brukar festivalen for det den er verdt

Ekstremsportveko og Voss kommune meiner dei klarer å bruke kvarandre aktivt i marknadsføringa. Slik er det ikkje i alle kommunar.

 

 

– Når festivalen blir kjend, blir også staden eller kommunen kjend. Mange festivalar bidreg indirekte til å profilere staden der festivalen går føre seg. Festivalen formidlar gjerne totalopplevinga av staden og reisa fram, til dømes via heimesider eller brosjyrar. I ein del tilfelle profilerer festivalen kommunen langt meir enn kommunen profilerer festivalen. Som Ekstremsportveko etterkvart er synonymt med Voss, seier seniorrådgjevar Stein Magne Os i Distriktssenteret.

– Me har utvikla eit godt samarbeid med kommunen, både med administrasjonen og politikarane, seier dagleg leiar i Ekstremsportveko, Margrethe Alm.

Ho viser spesielt til prinsippet «ein søknad inn, eitt svar ut».Mange møter og administrativt arbeid er bakgrunnen for at ein no samlar alle spørsmål som skal frå festivalen og til kommunen i ein søknad, så tar den kommunale koordinator Kurt Andreassen kontakt med dei ulike instansane i kommunen før han innkallar festivalleiinga til eit møte der dei går gjennom alle punkta.

– Voss kommune brukar festivalen for det den er verdt. Me kan sikkert bli flinkare til å bruke den aktivt, men me ser til dømes at unge folk legg vekt på Veko når dei søkjer jobb her, eller ynskjer å flytte hertil, seier Kurt Andreassen i Voss kommune.

Les meir om korleis kommunane kan dra nytte av festivalane i neste utgåve av LNK-avisa

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...