Heim Nyhende Kommunane vil ikkje la seg overstyre av staten

Kommunane vil ikkje la seg overstyre av staten

Kommunar som er styrt av både høgre- og venstresida, seier nei til at staten skal ha vetorett mot lokale utbyggingar.

 

Dersom lovforslaget går gjennom, må fylkesmannen som er representant for staten i fylka, godkjenne alle kommunale vedtak om låneopptak og langsiktige leigeavtalar, skriv Klassekampen.

– Slike reglar strider mot prinsippet om kommunalt sjølvstyre og er eit unødig inngrep overfor kommunar i økonomisk balanse, skriv Høgre-styrte Stavanger kommune i sitt høyringssvar.

Til saman 27 kommunar har så langt sendt inn høyringssvar på forslaget til kommunalminister Jan Tore Sanner (H). Så langt er det berre Moss og Trondheim som støttar regjeringa. Resten av kommunane er samstemte i motstanden mot å innføre statleg godkjenning av kommunale låneopptak og leigeavtalar.

Forslaget er eit ledd i den komande kommunereforma til regjeringa. Formålet med forslaget er å «sikre at kommunane ikkje gjennomfører uheldige økonomiske disposisjonar og strategiske tilpassingar i forkant av kommunereforma».

Ifølgje avisa fryktar regjeringa at kommunar som ikkje ønskjer kommunesamanslåingar, vil kunne spolere moglege samanslåingar gjennom nybygg av alt frå skular til rådhus.

Kristeleg Folkeparti kan likevel sikre regjeringa fleirtal, skriv avisa. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...