Heim Nyhende Krev norsk språk offshore

Krev norsk språk offshore

– Vi krev at norsk språk skal brukast på norsk sokkel, seier Per Steinar Stamnes, leiar i Sokkelforeningen i Industri Energi Statoil, ifølge industrienergi.no.

 

På landsmøtet til Industri Energi nyleg sa han at det er viktig at alle snakkar og forstår same språk, både i den daglege arbeidssituasjonen og ved ei ulykke.

– I ein hendingssituasjon er det spesielt viktig at ein slepp misforståingar. Og at alle gjer det dei får beskjed om, seier Stamnes.

Stamnes fryktar at arbeidsgivarar, spesielt i leverandørindustrien, vil hente inn billigare personell som snakkar eit anna språk enn norsk.

– Vi må ikkje vere så naive å tru at det ikkje blir ei utfordring for selskapa offshore. Når det er kostnader som er på agendaen, så veit vi at selskapa vil hente inn personell som konkurrerer på anbod og pris. Då kan vi få nye europeiske selskap inn på sokkelen.

Så lenge operatørselskapa ikkje set vilkår om språk eller lønns- og arbeidsvilkår i tilsetjingsprosessen, fryktar Stamnes det vil bli konkurranse som vil gå utover tryggleiken. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Hurra for Hudd på nynorsk!

Det norske sosiale mediet Hudd er no tilgjengeleg på nynorsk. Med nær 200 000 brukarar i Skandinavia tek selskapet endå eit steg i arbeidet...

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...