Heim Nyhende Kringkastingsprisen til Arve Uglum

Kringkastingsprisen til Arve Uglum

Journalist og redaktør Arve Uglum har i dag fått Kringkastingsprisen 2020. Han får prisen for arbeidet med tv-serien «Der som ingen kunne tru at nokon kunne bu.»

– Ingenting er meir innlysande enn å gje Kringkastingsprisen til programleiaren for «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Det er så sjølvsagt at ein eigentleg burde unngå det. Men det er ikkje mogleg. Det ikkje råd å lata innsatsen for å gjera nynorsk og dialekt til det mest naturlege i verda gå upåakta hen, heiter det i grunngjevinga frå juryen.

Det er Kringkastingsringen som deler ut prisen, og går til nokon som nyttar nynorsk eller dialekt i radio og fjernsyn. Prisen har blitt delt ut sidan 1978 og i fjor var det Ronny Brede Aase som fekk heideren.

Utdelinga fann stad i redaksjonen til Sogn Avis, der Arve Uglum no er redaktør. Dagleg leiar i Kringkastingsringen, Kjartan Helleve, overrekte blomar og eit trykk av Hanne Borchgrevink.Om du har ei god forteljing, så treng du ikkje å dra på, sa Arve Uglum i takketala.

– Det held å bruka forteljinga sine eigne premiss. Du kan vera nedpå og du treng ikkje bruka eit veldig blomstrande språk. Det lærde eg i Firda, tok det med meg i åra i NRK og prøver å leva etter det her i Sogn Avis. Men dette er ikkje berre min metode, eg trur det er ein sognamåte. Tusen takk for prisen, sa Arve Uglum.

Det er styret i Kringkastingsringen som er jury for prisen.

Heile grunngjevinga:

«Der som ingen kunne tru at nokon kunne bu» har sigla opp til å bli det fremste nynorske fjernsynsprogrammet, i skarp tevling med evigaktuelle Med hjarte på rette staden. Og nynorsk er det. Det er nesten ein parodisk korleis programmet tek oss med til folk som i all hovudsak skriv, eller burde ha skrive, hovudmålet. Det er natur, fjord og fjell, og ein kunne like godt kledd programleiaren opp i bunad. Snakk om å fyra oppunder mytane.

Mykje av grunnen til suksessen til programmet ligg i at me sjåarar får realisert vår indre draum om å bryte opp, flytte til ein knaus og lære oss eit handverk. Gle oss over ein sommarfugl i graset ein sommarsdag. Det som i utgangspunktet er sært og utenkjeleg, blir med eitt det normale. Slik er det også med språket alt blir formidla på. Det som i utgangspunktet kan virke som ein parodi, blir noko naturleg.

Det må vera ein kunst å finna nivået. Det må vera fort å hamna i det sentimentale og det romantiserande. Bygge opp under myter om livet som sjølvbergar. Men prisvinnaren går ikkje i den fella. Språket er nesten nøytralt, det er direkte og utan fjonge ord. I tillegg får også fotografen og bileta også lov til å leggja bitar i puslespelet. Den breie dialekta gjer avsendaren tydleg likevel. Språket er upersonleg og personleg på same tid.

Dette lyfter møta med desse raringane langt til fjells og på den nøgne ø. Dei er sikkert vane med å bli konfrontert med valet om å bu for seg sjølve, vane med å bli sette i bås og få utdelt ei rolle. Men dette korthogde språket som årets prisvinnar nyttar, gjev ei anna samtale. Intervjuobjekta får nytta sitt eige språk, og dei står tydlegare fram. Skilnadane blir større. Kvardagen kan likna, men motiva og draumane er ulike. Dette er ei bragd å få til.

Ingenting er meir innlysande enn å gje Kringkastingsprisen til programleiaren for «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Det er så sjølvsagt at ein eigentleg burde unngå det. Men det er ikkje mogleg. Det ikkje råd å late innsatsen for å gjera nynorsk og dialekt til det mest naturlege i verda gå upåakta hen. Det GÅR an å hoppe etter Bruaset. I tillegg er dette også ein takk for lang, men ikkje heilt tru teneste i kringkastinga. Sjølv om der er råd å henta fram programma frå arkivet, håpar me også at det ein gong i framtida blir råd å høyra silkerøysta frå Sogn.»

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Det er eit skrikande behov for læremiddel på...