Heim Nyhende Kringkastingsprisen til Yasmin Syed

Kringkastingsprisen til Yasmin Syed

Yasmin Syed frå Vinje i Telemark får Kringkastingsprisen for 2009.

Syed har vore både programleiar, skodespelar, musikar og kanalvert i NRK. Jula 2008 var ho programleiar for Julemorgen i NRK saman med Kåre Magnus Bergh Dessutan har ho vore programleiar for det direktesende livssynsprogrammet ”STYRK Live ” i NRK. Også  i TV 2 har ho hatt ei rolle, som politioverkonstabel i TV-dramaet ”De Syv Søstre.”

Sjølv om Yasmin Syed  har budd både i USA, Skien og i Oslo har ho aldri gitt slepp på Vinje-dialekten sin. Difor er det eit normalisert nynorsk med eit tonefall  frå Vest-Telemark som karakteriserer språkbruken til Yasmin Syed, og ho brukar dette språket på ein trygg og tillitvekkjande måte, anten ho er kanalvert, programleiar eller les kommentarar til utanlandske TV-dokumentarar.

I grunngjevinga til juryen heiter det: – Yasmin Syed bruker nynorsk med eit tonefall frå Vest-Telemark, og gjer det på ein trygg og tillitvekkjande måte, anten ho er kanalvert, programleiar eller les kommentarar til utanlandske TV-dokumentarar. Slik viser ho at nynorsken høgste grad er levande også på Austlandet.

Kringkastingsprisen har blitt delt ut årleg sidan 1978 og går til personar som «på ein framifrå måte nyttar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet».

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...