Kari og Claus Kvamme har fått Sogn og Fjordane sin fylkeskulturpris for arbeidet dei har hatt med å utvikle Bokbyen i Fjærland.
– Det er ei glede å utnemne Kari og Claus Kvamme til prisvinnarar. Dei har avslørt seg som eldsjeler. Det er eit imponerande prosjekt å løfte fram noko av det finaste og viktigaste i vårt siviliserte samfunn: Bøker frå alle årgangar, med ulike tidsbilete, tankar, idear og hendingar, sa kulturutvalsleiar Nils Gjerland under utdelinga.
Ekteparet Kvamme etablerte Bokbyen i Fjærland som eit prøveprosjekt i 1995, og byen vart offisielt opna i 1006. Sidan då har Bokbyen vekse til å bli 12 bokutsal langs ei vegstrekning på 300 meter. Målet med bokbyen var å skape liv i bygda, sa prisvinnarane då dei mottok kulturprisen. Men med tida har arbeidet også fått ein annan funksjon, nemleg å ta vare på bøker og gjere dei tilgjengelege, understreka dei.