Heim Nyhende Kven blir Årets nynorskkommune?

Kven blir Årets nynorskkommune?

Kommunal-og regionaldepartementet vonar prisen Årets nynorskkommune kan motivere kommunane til å løfte fram nynorsk som administrasjonsspråk.

– Me håpar at prisen gjer fleire medarbeidarar i kommunen medveten på korleis dei bruker språket sitt. I kommunar som ligg i eit område med mange bokmålskommunar og er under språkleg press, kan prisen styrkje nynorskbruken, seier rådgjevar Solveig Kolsrud i departementet. 

Utdeling av prisen Årets nynorskkommune 2013 blir i månadsskiftet september/oktober, og vinnaren mottek 100 000 kroner. Kolsrud legg også vekt på at prisen bidreg til å setje nynorskbruken i kommunane på dagsorden, og kan forhåpentleg inspirere andre kommunar til å arbeide med å bruke nynorsk meir aktivt.

– Hugs at god språkbruk i offentleg forvaltning er viktig for at innbyggjarane skal kjenne rettane sine og kunne delta i lokaldemokratiet.

Dei kommunane som kan søkje er nynorskkommunar som har gjort ein innsats på eit eller fleire av desse områda: aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i kommunale planar, aktiv bruk av nynorsk i omdøme- og informasjonsarbeid. Dette kan vere heimesider, skriftleg informasjonsmateriell til innbyggjarane, opplegg for generell marknadsføring av kommunen, til dømes gjennom kurs og anna opplæring i nynorsk eller eigne retningsliner for nynorskbruk i kommunen. God målbruk blant tilsette, marknadsføring av nynorsk i kulturarbeid og kulturarrangement og tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskule.

Føremålet med prisen er å stimulere til god nynorskbruk i kommunane. Søknadsfristen er 31. august 2013. Tidligare vinnarar er Stord kommune (2009), Seljord kommune (2010), Fjell kommune (2011) og Sogn og Fjordane fylkeskommune (2012). Det er kommunane og fylkeskommunane sjølve som søkjer om å bli med i konkurransen. Kommunar som har søkt tidlegare er velkomne til å søkje.

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...