Er du usikker på kven som skal få di stemme 12. september? Framtida.no har laga ein valgomat som kan hjelpe deg – den første valgomaten som er på nynorsk.
I partitesten til Framtida.no må du ta stilling til 24 påstandar om alt frå samferdsel, miljø og skule til spørsmål om kommunesamanslåing, konkurranseutsetjing og eigedomsskatt. Etter at du har svara på alle spørsmåla, reknar valgomaten ut kva parti som du er mest einig med, og kor einig du er med dei andre partia. Svara er oppgjeve i prosent, seier Svein Olav Langåker frå Framtida.no i ei pressemelding.
Framtida.no er ei nyhende- og debattavis for unge. Nettavisa er eit samarbeid mellom ABC Startsiden, Landslaget for lokalaviser, Landssamanslutninga av nynorskkommunar og fleire lokalaviser, og den har eksistert i eitt år.