Heim Nyhende Varslar rettssak for å stoppe sjukehusnedlegging

Varslar rettssak for å stoppe sjukehusnedlegging

Sjukehusaksjonen Nordfjord vil gå til rettssak for å få stoppa avvikling av ortopediavdelinga ved sjukehuset i Nordfjord.

Styremedlem Jan Eide i aksjonen seier til avisa Firda at det kortsiktige målet med ei rettssak er å få ut ei rettsavgjerd som gjer at Helse Førde må utsetje avviklinga av ortopedien ved Nordfjord sjukehus.

– Advokaten vår er klar på at me har ei sterk sak. No skal me handle så raskt som mogleg for å få stoppa nedlegginga før det er skjedd stor skade, seier Eide.

Helse Førde bestemte i sommar å leggje ned ortopediavdelinga i Nordfjord. Sjukehusaksjonen skriv i ei pressemelding at dette inneber at Nordfjord sjukehus innan utgangen av 2011 vil vere eit sjukehus utan kirurgiske aktivitetar.

– Dette er heilt klart i strid med dei føringane som regjeringa og Stortinget har lagt, om kva eit lokalsjukehus med akuttfunksjonar minimum skal innehalde, skriv aksjonen. (©NPK)

Førre artikkelKven skal du stemme på?
Neste artikkelByter til nynorsk

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...