Heim Nyhende Har dårlege norskkunnskapar

Har dårlege norskkunnskapar

Meir enn tre av fire innvandrarbarn i Oslo er fødde i Noreg. Fleirtalet av dei klarer ikkje å følgje ein vanleg skuletime på norsk, og mange må ha spesialtilpassa undervisning.

Årsaka er at dei kan så dårleg norsk når dei byrjar på skulen at dei ikkje klarer å følgje ein vanleg klassetime. Førre skuleår gjaldt dette 13.000 barn, viser tal frå Utdanningsdirektoratet.

– Dei har ofte mangel på ord. Ordforrådet er prega av kvardagen til elevane, enten det dei pratar heime eller det dei tilfeldig høyrer andre stader dersom dei ikkje snakkar norsk heime, seier assisterande rektor Astrid Madsen på Mortensrud skole til NRK.

Samtidig viser tal NRK har fått tilgang til at minoritetselevar er i fleirtal på ein stor del av grunnskulane i Oslo. Ved 58 av Oslos 138 grunnskular utgjer minoritetselevar meir enn halvparten av elevane. Ved 24 av desse utgjer minoritetselevane meir enn to av tre elevar. (©NPK)

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...