Heim Nyhende Kvifor er det slik, Solveig?

Kvifor er det slik, Solveig?

I haust undrar Solveig Hareide (26) seg blant anna over kvifor dinosaurane var så store, eller kvifor eit kokt egg ikkje sprett like godt som ein sprettball. Det er ikkje alltid like enkelt å finne svara.

Fotografen er elektrisk i auga. Ho har nettopp sett eit fyrverkeri. Solveig Hareide og Newton har nemleg besøkt barn rundt omkring i landet. Denne gongen var det Haugaland Kraft som inviterte. Og Solveig leverte underhaldning, stunt og konkurransar. Og det på klingande Florø-dialekt.

– For meg er det heilt naturleg å bruke dialekten. Då eg byrja i Newton, kunne eg velje om eg ville prate dialekten min eller normere språket. Men det er eit styr å normere. Eg ville vere ein så god programleiar som mogleg, og då er eg best på dialekt. Men elles, til dømes på bloggen vår, skriv eg alltid nynorsk, seier Solveig som er i ferd med å etablere seg som tv-fjes.


Den unge programleiaren har studert medieproduksjon ved NTNU,
og i 2005 gjekk ho på Nynorsk Mediesenter. Etter kvart byrja ho som vikar i NRK P3 og enda til slutt opp i barne-tv.

– Mitt første møte med barne-tv var i Tromsø, der me laga Påskemorgen og Sommermorgen. Etter kvart vart eg programleiar i barne-tv frå Oslo. Eg trur nettopp dialekten min var viktig for at eg fekk den jobben. NRK er opptekne av mangfald, kanskje spesielt i barne-tv, slår ho fast.

Nynorsk er då også tradisjon i Newton. Det er i alle fall ikkje noko nytt med nynorskbrukande programleiarar i vitskapsprogrammet, meiner Solveig.

– Dei siste 6–7 åra har det no i alle fall berre vore brukt nynorsk, seier ho og nemner programleiarar som Per Olav Alvestad og Unni Eikeseth.

Det handlar om identitet. For sjåarane er det viktig å kunne kjenne seg att og identifisere seg med den som er på skjermen, meiner Solveig.

– Me veit jo at fleire jenter ser på programmet når det er ei jente som er programleiar. Det er litt slik med dialektar og. Det er viktig at born på vestlandet også får høyre dialekten sin på tv somme gonger. Det er ikkje bra viss det berre er austlendingar som slepp til. Ungane må kjenne seg att.

– Kva kan NRK gjere med det?

– Eg synest det er kjempebra at NRK tenkjer på dette, og meiner dei er på rett veg. NRK Super er i alle fall opptekne av breidd og mangfald. Men dei kan sjølvsagt også bli betre.

Møtet med NRK i Førde var også ei god oppleving.

– Tida på Nynorsk mediesenter var veldig lærerik. Det var ein super måte å setje seg inn i journalistikk på tv, radio og nett på. Men det var også litt skummelt; eg måtte arbeide ein del med nyhende i praksisen, og det er ikkje heilt mi greie, seier ho.

– Eg har lese ein stad at du skjermar privatlivet ditt frå pressa?

– Tja, eg kan ikkje hugse at eg har sagt det. Men det er jo litt sant. Eg stiller gjerne opp i media og kan strekkje meg til å vise hunden min. Er jo litt glad i merksemd. Men det blir ikkje meg og sambuaren min med Se&Hør-flaske i badekaret nei.

Solveig var jenta som laga stinkbomber og grov etter makk saman med gutane. I dag er ho like nyfiken, og i tillegg byrjar ho å bli kjendis. I alle fall kjenner borna henne ofte igjen på gata. Og då kjem spørsmåla. Spørsmål som krev svar.

– Me får mange spørsmål frå barn. Det er kjempebra, då har me jo klart det me prøver på. Men når spørsmåla kjem på gata, dukkar problemet opp. Dei trur jo eg har svaret på alt, og det stemmer sjølvsagt ikkje.
Solveig ler. Også ho må lese for å finne ut kvifor smøret vert gulare når det vert smelta.

– Det var det nokre foreldre som spurde om. Dottera på 5 lurte på kvifor smøret forandra farge, og dei klarte ikkje å svare. Det er ofte slik.

– Hender det at de får inn spørsmål om språk?

– Det er ikkje så ofte. Men me har fått inn spørsmål om kvifor det er ulike språk i landet, eller kvifor me har ulike dialektar.

Noko blir det også for vanskeleg for Newton-redaksjonen å gi eit godt og kort svar på.

– Me har ei spalte der me gir korte svar på innsende spørsmål. I dag sat eg faktisk med eit spørsmål me ikkje klarte å gi eit kort nok svar på: kvifor det er lettare å sykle fort enn sakte?

– Eit godt spørsmål, kvifor er det eigentleg slik?

– Jo, altså.

Solveig sukkar.

– Det er litt vanskeleg ser du. Men det har noko med gyrokrefter å gjere. Det er eit slikt spørsmål som fortener eit heilt program i grunn.

Ingen tema er for store i Newton, ingen for små.

Det er ikkje noko latmannsliv å vere programleiar i Newton. Solveig ville då også bli journalist for å få ein sosial jobb der ho kunne lære nye ting. Det fekk ho så absolutt. Pulsen er til å ta og føle på i den vesle redaksjonen. Nyleg kom Solveig heim frå reportasjetur til Skottland, og nett no har programmet fått tre nye Newton-barn. Dei er med som programleiarar og kan kome med innspel til innhaldet i programmet. Det er hektiske tider. Solveig skal bli kjent med dei nye programleiarvennene sine, manus skal skrivast og øvast på. Og heile tida står produsenten og hamrar henne på skuldra.

– Det er som regel dei som er oppriktig nyfikne og har glimt i auga, som får vere med,  seier Solveig om dei som møtte på rolleprøve.

Newton er i dag det einaste tv-programmet som handlar om natur og vitskap for barn.

– Eg trur programmet kan hjelpe dei som har interessa i seg, til å dyrke den vidare. Me har tema som dei kanskje ikkje får sjå i andre tv-program. Men det er ikkje jobben vår å produsere fleire forskarar, slår ho fast. Programmet er for dei mellom 8 og 12 år, difor er det viktig å fornye seg innimellom.

– Programleiarane i Newton kan ikkje vere lenger enn tre år, og det er lurt.

Sjølv har Solveig hatt drøymejobben det siste året.

– Ja, eg har alltid drøymt om å jobbe i Newton, og no er eg her.

– Kva skal du drøyme om no då?

– Eg har mange idear til gode familieprogram som handlar om natur og vitskap. Me får sjå kva det blir til.

Elles drøymer ho om sterke naturopplevingar på safari i Afrika, men her heime handlar det meir om å nyte naturen saman med hunden Toller på snart to år.

– Eg er glad i å gå på tur ja, og så vil eg gjerne ha tak i alle kantarellane i heile Trøndelag, ler ho.

– Kva minnest du best frå tida i Newton?

– Eg fekk vere med på ein fødsel, det var heilt sjukt. Me hadde bede ei jordmor om å spørje dei som skulle føde, om det var greitt at me var der. Ei firebarnsmor takka ja. Eg har aldri følt meg så dum, eg berre sto der og sa ingenting.

– Programmet handla om fødslar?

– Ja, og om morkake. Ofte ser ein jo berre fødselen. Det er ikkje så mange som snakkar om kva som skjer med morkaka.

– Og firebarnsmora var så rutinert at ho sa ja til å bli filma med ein gong?

– Vel, først sa ho nei, sidan ho hadde hatt så mange studentar med på dei tre første fødslane. No ville ho ha ro. Likevel ombestemte ho seg etter at ho fekk lystgass. Men ho fekk sjå opptaket, altså, før det gjekk på lufta.

SJØLVMELDING

Namn: Solveig Hareide
Alder: 26
Bur: Trondheim
Aktuell: Er programleiar i Newton på NRK. Programmet handlar om natur og vitskap for barn mellom 8 og 12 år. Blir sendt på søndagskveldane og har om lag 400 000 sjåarar.
Les: Stieg Larsson, naturmagasin og hundeblad.
Høyrer på: Mykje radio. NRK P3 og litt P1 når sambuaren får styre.
Førebilete: Morfar (den mest leikne 87-åringen i Florø)

Førre artikkelLitterære bilete i Odda
Neste artikkelEU-motstanden aukar

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...