Heim Nyhende Lærte å banke inn poesien

Lærte å banke inn poesien

Kan kurs i poesislam motivere fleire ungdommar til å melde seg på UKM? Hordaland fylkeskommune håpar det.

Nyleg fekk fem ungdommar i Kvinnherad høve til å vere med på kurs i poesislam. Det var noko heilt nytt for dei.

Poesislam er ein konkurranse i kryssingspunktet mellom opplesing, hip-hop-battle, teatersport og stand-up, ifølgje Poesislam.no. Deltakarar i poesislam blir vurderte ut frå teksten dei har laga og måten dei framfører han på.

– På førehand hadde vi ein dag med skrivekurs kor dei fekk lage sine eigne tekstar, fortel biblioteksjef Trude Hege Bergesen. Når tekstane så skulle framførast, fekk ungdommane hjelp av noregsmeister i poesislam, Taro Vestøl Cooper, som var ein god læremeister.

Gjev meir meining

– Vi framførte forskjellige dikt og lærte korleis vi skulle bruke stemma vår i framføringa, fortel ein av deltakarane på kurset, Maria Krakus (16). Ho synest det var både gøy og lærerikt å ha ein profesjonell lærar med seg når dei først skulle lære seg noko nytt.

– Eg har lært å leve meg inn i teksten slik at han gjev meir meining når eg framfører han, seier Ida Marie Vinsrygg (13).

Maria og Ida Marie ser nok ikkje for seg å delta på Ungdommens kulturmønstring (UKM) med poesislam med det første, men synest likevel dei har fått stort utbytte av kurset. Ida Marie tenkjer at ho kan ta lærdommen om framføring med seg inn i til dømes skulearbeidet. Men ho kan òg tenkje seg å delta på UKM ein gong, men då blir det med noko innan kunst. Maria trur òg at UKM kan freiste ein gong i framtida.

– Eg har tenkt på det, og viss eg gjer det, så blir det med song, seier ho.

Fleire neste år

Det er Hordaland fylkeskommune som har teke initiativ til dette kurset i poesislam, og ni kommunar har fått gje dette tilbodet til ungdom mellom 13 og 19 år. Kursa er komne til i samarbeid med Nasjonalbiblioteket og Ungdommens kulturmønstring og hadde som føremål å få fleire ungdommar til å melde seg på til UKM.

– Dette er ein måte å få meir litteratur inn i UKM på, seier Bergesen. Ho trur ungdommane har fått mykje bra ut av det, og synest det er synd at ingen gutar fann vegen til kurset.

Neste år er det 10 nye kommunar som får tilby kurs i poesislam til ungdommane sine.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...