Heim Nyhende Legemangel i distrikta

Legemangel i distrikta

Norske legar vil ikkje jobbe i distrikta. Legemangelen i Sogn og Fjordane er no så alvorleg at fylkeslegen slår alarm.

– Då eg kom til Sogn og Fjordane for mange år sidan var det om lag 10.000 legar i Noreg og det var vanskeleg å få legar til distrikta. No er det blitt over 20.000 legar, men framleis er det vanskeleg, seier fylkeslege i Sogn og Fjordane Per Stensland til NRK.
Stensland meiner at folk i distrikta ikkje bør finne seg i så dårleg legedekning. No fryktar han at skeivfordelinga av legar mellom distrikt og sentrale strok vil bli endå meir urimeleg om ikkje noko vert gjort.
– Både kommunane og fylket har ein ugjort jobb. Men vi må også krevje at sentrale styresmakter legg meir til rette for at legetenesta i distrikta skal bli meir stabil og meir føreseieleg, seier Stensland.
Fylkeslegen meiner situasjonen kan bli forverra når samhandlingsreforma trer i kraft frå 1. januar neste, då den vil gi eit auka behov for legar ute i distrikta. Samtidig kan det gå mot at turnustenesta vert avvikla, noko som kan gjere det endå meir vanskeleg å freiste unge legar til å jobbe i distrikta. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...