Heim Nyhende Lesarbrev: Utidig av Leselystaksjonen og Kathrine Wegge

Lesarbrev: Utidig av Leselystaksjonen og Kathrine Wegge

At leselystaksjonen ikkje har meir enn ei nynorskbok i utvalet sitt er ein ting, men at dei hevdar at det er på grunn av låg kvalitet på nynorskbøkene er usannsynleg freidig.

Dei siste åra har nynorsk barne- og ungdomslitteratur gjort reint bord i litterære prisjutdelingar, ikkje berre hos vaksne kritikarar og jurymedlem, men også hos ungdomsjuryane til Uprisen,  vunne den ungdomsjuryerte Uprisen 4 av seks gongar og Brageprisen 4 av dei 5 siste åra, noko som viser at det både er litteratur av kvalitet og som fengjar.

Les også : – Nynorskbøkene er ikkje gode nok 

Å seie at dei leita etter gode bøker på nynorsk, men ikkje fann dei, får meg til å tru at dei faktisk ikkje har leita i det heile, eller har vore så dårleg orientert i årets utgivingar, at det er grunn til bekymring. For om dei hadde gjort det, hadde dei til dømes sett Viridians blod av Lene Kaaberbøl, frå villheksserien som har stor suksess i Danmark og har vunne barnejuryprisar, eller Heilag galskap og Mennesket og dyret av Robert Muchamore, ein serie som har gått rett i fletta på lesarar frå Manglerud til Jølster, eller veterinærkrimmen Elise og mysteriet med dei døde hestane av debutanten Anne Viken, ei bok som snart må gå i nytt opplag, eller Svarte_Mathilda II av Tor Arve Røssland, oppfølgjaren til den Uprisnominerte Svarte_Mathilda I. Alle desse bøkene kjenner nynorsksenteret til og gitt gode anbefalingar på nynorskbok.no, så eg har vanskeleg for å tru at dei har gitt slike råd til Leselystaksjonen.

Om Leseaksjonen og kampanjeleiar Kathrine Wegge ikkje vil ha meir enn ei nynorskbok i utvalet sitt ,så får dei stå for det. Men dei bør halde seg for gode til å sverte forfattarane av den nynorske barnelitteraturen med løgn, ein gjeng som for tida gjer seg så godt gjeldande i det barnelitterære landskapet at andre forlag og forfattarar lurer på om vi kan dele den magiske oppskrifta med dei. Eg deler meir enn gjerne av oppskrifta med Leselystaksjonen, dei må meir enn gjerne kome for å bli oppdatert på kva som faktisk finst.

Ragnfrid Trohaug, forlagsredaktør barne – og ungdomslitteratur i Samlaget

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...