Heim Nyhende Ny dagleg leiar ved Hauge-senteret

Ny dagleg leiar ved Hauge-senteret

Geir S. Netland ny dagleg leiar ved Olav H. Hauge-senteret.

 

Filmprodusenten Geir S. Netland (53) frå Bryne er tilsett som dagleg leiar ved Olav H. Hauge-senteret i Ulvik Han tek til i stillinga 1. mars 2013.

– For meg er dette eit stort og spennande steg inn i eit nytt fagfelt, sa Netland då han blei presentert på ein pressekonferanse i Ulvik måndag.

– Olav H. Hauge var ein internasjonalt orientert diktar, og er framleis respektert i mange ulike kulturar. Det universelle i det nære, opnar for spennande formidling av Hauge og anna nynorsk poesi.

– Netland har gjort alt Hauge-senteret treng, berre i ein annan del av kulturlivet. Det er stas å få ein så røynd person med på laget, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum, som eig og driv Hauge-senteret. 12 personar søkte på stillinga.

Netland er busett i Stavanger, men flyttar til Ulvik. Med tida vonar han at kona og filmskaparen Vigdis Nielsen som er frå bygda, kjem etter.

Geir S. Netland har arbeidd med film og kino i fleire tiår. Han kjem til Hauge-senteret frå Phantomfilm i Stavanger, der han har vore filmprodusent sidan 2010. Phantomfilm laga i 2010 dokumentarfilmen «Veien til Diyarbekir» om ein kurdisk musikar som blei nominert til Prix Europa. Det siste tiåret har Netland produsert ei rekkje dokumentarfilmar og fjernsynsseriar for NRK og TV2, og vunne prisar for fleire kortfilmar.

Tidlegare har Netland mellom anna vore kinosjef på Bryne og i Sandnes og kinodirektør i Stavanger. Netland har vore styremedlem i Maijazz og i Norsk Film AS, og medlem i programrådet for Kinokino – senter for kunst og film. Han var sentral i oppbygginga av barne- og ungdomsfilmfestivalen Buff i Sandnes, som seinare skifta namn
til Fabu. Vinteren 2012-13 har han prosjektansvar for ulike arrangement i samband med Spellemannprisen i Stavanger.

Med Netland på plass har Hauge-senteret tre faste medarbeidarar. Styret i Nynorsk kultursentrum vedtok nyleg driftsbudsjettet for 2013. Der er det sett av midlar til den fjerde og siste stillinga ved Hauge-senteret frå hausten 2013.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...