Heim Nyhende Kvinnherad: Må bruke tid på omdømmebygging

Kvinnherad: Må bruke tid på omdømmebygging

Med prosjektet Kom til Kvinnherad har sunnhordlandskommunen jobba aktivt for å auke folketalet.

Kvar veke viser vi deg eit glimt frå ein av kommunane som er med i LNK.

Denne veka: Kvinnherad

Kvinnherad

Nytt frå Kvinnherad:
Vil leve av leiken

Aktuelle lenker:
Voss kommune
Facebook
Kvinnherringen

 

– Vi har hatt ein fin folketalsvekst dei siste åra og er no 13 318 innbyggjarar i kommunen, seier ordførar Synnøve Solbakken (Ap).

Kom til Kvinnherad-prosjektet starta for fire år sidan, og eitt av tiltaka har vore å reise rundt til dei store byane – Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger – for å vise seg fram.

Kommuneleiinga har invitert utflytta kvinnheringar til desse samlingane, og desse har igjen dratt med seg folk som kanskje ikkje kjenner kommunen frå før.

– Ordføraren eller andre frå kommuneleiinga pleier å presentere kommunen. Vi har også med oss fem-seks bedrifter som har stand og får presentere verksemdene sine, seier Solbakken. 

Samlar folk i database

Dei som møter opp og deltek på samlingane, får tilbod om å leggje seg inn i ein database som næringsselskapet i kommunen administrerer. Cv-databasen har blitt ein plass kor næringslivet kan gå inn og finne aktuelle kandidatar til jobbar, og kor arbeidssøkande kan sjå etter arbeid.

Ordføraren har ikkje eksakte tal på kor mange som har late seg lokke heim etter desse framstøytane.

– Vi har ikkje eksakte tal på kor mange som har flytta heim, men det er sådd nokre frø, og på sikt trur me at det vil medverke til at nokon flytter heim att.

Ho understrekar samstundes at tanken heile vegen har vore å stimulere både utflytta kvinnheringar og nye folk til å flytte til kommunen.

Solbakken nemner også den årlege tilflyttarsamlinga som eit tiltak i arbeidet med rekruttering og omdømmebygging. I år kom det 116 til samlinga, som var i oktober, og både kommunen og bedrifta Noreq delte ut prisar i form av pengegåver.

Treng ingeniørar

Men framleis treng kommunen tenkje vekst og rekruttering. Kvinnherad er ein kommune med lange tradisjonar for båtbygging og har til liks med mange andre kommunar i regionen stort behov for arbeidskraft, spesielt innan ingeniørfaget. Aluminiumsverket Søral har i dag 260 arbeidsplassar og er hjørnesteinsbedrifta i kommunen. Men dei har drive med berre ein av to hallar i produksjon dei siste åra. Etter at Søral nyleg landa ein større kontrakt, vonar ordføraren no at dei kjem opp i full drift att.

Også på samferdslesida er det ein del som må gjerast for å få til nyetableringar og halde på det næringslivet som er. Mange tiltak er allereie på plass og godt innarbeidde, seier ordføraren og peiker på Folgefonntunnelen som opna i 2001 og knytte saman Kvinnherad og Odda. Noregs tredje lengste vegtunnel går under Folgefonna og korta reisetida ned frå fire timar til ni minutt, skal ein tru Wikipedia.

Tunnel inn i framtida

I haust opna Jondalstunnelen, eit av dei største fylkesvegprosjekta i Hordaland. Med denne 10 km lange tunnelen er det no eit relativt rett strekk frå Jondal gjennom Kvinnherad og Odda mot E 134 over Haukeli i aust. Tunnelen kortar ned reisetida frå Bergen til Oslo med 40 minutt. Arbeidet med tunnelen starta i 2009, og tunnelen vart opna i september i år, eitt år tidlegare enn planlagt. I samband med tunnelen vart det også bygd ny ferjekai på Årsnes.

– Jondalstunnelen har vore ein kjempesuksess. Det har vore mykje trafikk og fin vekst i talet på reisande. No ser vi fram til den nye Tysse-tunnelen, som skal opne i 2014. Då blir reisetida mellom Kvinnherad og Bergen korta ned til ein time og tjue minutt, og det er bra.

550 lag

I tillegg til gode kommunikasjonar må kommunen ha bustader og fritidstilbod til nye og etablerte innbyggjarar, og ordføraren er fornøgd med at kommunen no byggjer ny kulturskule i Husnes. Ho held også fram den rike naturen kommunen har å by på, saman med eit aktivt kulturliv.

– Vi har dessutan eit rikt organisasjonsliv i kommunen. Vi har faktisk 550 frivillige lag og organisasjonar i Kvinnherad.

Dugnadsviljen hjå folk er stor, og det blir lagt ned mange timar i frivillig arbeid som kjem andre til gode.

– Dette er også med på å gje oss eit godt omdømme.

For eit godt omdømme må for ein kommune femje meir enn det å ha gode bu- og ferievilkår, det må meir til enn det, seier Solbakken.

– Dei beste omboda er vi sjølve gjennom måten vi omtalar vår eigen kommune på.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...