Heim Nyhende Vil leve av leiken

Vil leve av leiken

 

Kameratgjengen på Husnes hadde spelt rollespel i mange år, men var ikkje fornøgde med utvalet av modellar å spele med. No kastar dei seg ut i ein milliardmarknad og byrjar å produsere modellar sjølve.

For å ta rollespelet først: Rollespel er altså ein leik kor ei gruppe folk set seg saman rundt eit bord for å spele skodespel. Dei har ein leiar som deler ut roller og skisserer ulike scenario, og deltakarane må leve seg inn i rolla si og ta val på vegner av karakteren sin. Rollespel kan gå føre seg på bordet eller ute i det fri. Skal du spele inne, på eit bord, så vil du trenge kulissar. Ein modell, rett og slett.

Og der byrjar historia om Epix Haven.

God erfaring som brukar

Dei fire kameratane Thomas Thomsen, Svein Røssland, Even Vinjo Røssland og Ole J. G. Hansen har spelt rollespel i mange, mange år. Kulissane har ikkje alltid vore av dei beste, noko heimelaga, noko kjøpt på nett frå USA.

– Vi har brukt mykje tid på å leite etter slike produkt, og vi har sett at marknaden ikkje er tilfredsstillande, seier Thomsen. Det var heller ikkje alltid så enkelt å handle det ein trong. Etter nokre år byrja dei derfor å sysle med tanken om å gjere noko for å påverke marknaden, og dei tok kontakt med ein av dei store produsentane i USA for å høyre om dei kunne få byrje å distribuere produkta deira i Noreg.

– Men vi høyrde aldri noko frå dei, og dermed kom ideen om å byrje å produsere modular for spel sjølve.

Vil til Kina

No er ideen sett om til handling, og Epix Haven håper å vere i gang med å produsere modellar neste år. Dei er fire som jobbar saman om dette: éin med web og marknadsføring, éin som teknisk teiknar og to som jobbar med forretning og drift. Det vil seie, berre Thomsen har dette som heiltidsarbeid nett no, for førebels er det ikkje pengar til løn i bedrifta. Og det skjer ikkje med det første, heller.

Nett no er derimot målsetjinga å få i land avtalar med ein fabrikk i Kina som kan produsere modellane deira, og det betyr at det er full fart med teikning og utprøving av prototypar.

– Vi driv og lagar prototypar som vi skal skrive ut ved hjelp av ein 3D-skrivar. Når desse blir detaljerte nok, kan vi ta dei med til Kina og bruke dei som mal for produksjon, rett og slett ved å ta avstøypingar av dei, forklarar Thomsen.

Og no hastar det litt, for rett over nyttår skal dei vere i gang med produksjon, og varene skal vere i sal frå mai av.

Kan betre

Karane bak Epix Haven er overtydde om at dei vil vere i stand til å lage betre produkt enn det som finst for sal i dag.

­– Vi ønskjer å lage modellar som er lette å ta i bruk, så å seie rett ut av eska. Vi har vore vane med å bruke ting som må byggjast saman først, eller enno verre berre teikna på eit ark.

Lang fartstid i spelmiljøa og ei kjennskap til både miljø og produkt frå eit brukarperspektiv er ein stor føremon i dette arbeidet, meiner dei. – Vi har vore kundar så lenge sjølve at vi veit kva som manglar, og kva folk vil ha.

Det kjem òg vel med at spelmiljøet ønskjer dei velkomne. Aktørane i spelmiljøa i Noreg vil gjerne at det skal vere muleg å handle kulissar her til lands, og er svært viljuge til å vere med og marknadsføre produkta deira. Dei har også fått i stand ein intensjonsavtale med Outland, ei kjede av spesialbutikkar spreidde i dei største byane i Noreg.

Ut i verda

I dag er Epix Haven organisert som eit aksjeselskap, utan tilsette, men med ein idé om å kunne skape ein arbeidsplass for dei fire involverte på sikt.

Når produksjonen kjem i gang neste år, må dei ut og treffe kundane sine. Og dei treff dei på messer rundt om i verda. I første rekkje ventar NM i miniatyr i Oslo i januar, som eigentleg er ei messe litt på sida av det dei driv med, men som likevel er ein god plass å møte mulege kundar. Sidan håper dei å kunne reise på større messer i både inn- og utland.

Det store målet er å få reise til Gen Con i USA, den største spelmessa i verda, med opptil 600 000 besøkande per dag.

– Det er dit vi må. Det er der galskapen er størst!

Satsar stort

– Kva er det som er så forlokkande med rollespel?

– Éin ting er det at alder ikkje speler noka rolle, eg har spelt med folk frå 13 til over 60. Ein lærer mykje om problemløysing når ein speler rollespel. Dessutan er det utruleg sosialt, og kreativiteten din kan få gå amok.

Og det endelege målet for Epix Haven? Å bli så store og gode at dei kan kome seg inn på Amazon, verdas største nettbutikk.

– Vi tenkjer ikkje personleg profitt no, men vi tenkjer at vi skal bli størst på dette.

Og det kan verke som idealistisk idioti, ler Thomsen, men samstundes har dei sondert konkurrentane både lenge og vel og har erfart at det er mykje rart og useriøst i denne bransjen. Å ha høge mål verkar ikkje urealistisk, trass alt.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...