Berre to av åtte regionale og landsdekkjande medium bruker nynorsk i sportssaker. Korkje journalistane eller folket krev det, seier avisene.
Frå nittitalet og fram til i dag har det vore ei formidabel satsing på sport, både i papir- og etermedier. Avisene satsar tungt, og dei fleste dagsavisene har dagleg sportsdekning. I tillegg har mange av dei eigne sportsvedlegg og ei rekkje saker i skjæringspunktet mellom sport og livsstil.
Trass i det store omfanget av sport som finst i avisene, er det lite nynorsk å finne, viser LNK-avisa si undersøking av åtte store aviser med nynorsk dekkingsområde.
– På dei sju åra eg har vore i Fædrelandsvennen, har nynorsk aldri vore eit tema for redaksjonen, seier sportsleiar Svein Enersen. – Vi har aldri hatt journalistar som har bede om å få skrive nynorsk.
Avisa hans får følgje av både Stavanger Aftenblad og Adresseavisen, som trass i at avisene ikkje har nokon politikk på å bruke berre éi målform, ikkje kan vise til ei einaste eigenprodusert nynorsksak i LNK-avisa si sportsmåling.
– Er det ein situasjon de er fornøgde med, eller kunne de ønskt dykk meir nynorsk?
– Det har vi ikkje tenkt så mykje på før de bringa det på bane, seier Enersen. – Men vi får gjerne byrje å tenkje på det no.
Han er derimot klår på at ein nynorskskrivande journalist ville fått bruke språket sitt i sporten som i resten av avisa.
Ikkje noko mål
Heller ikkje i Adresseavisen har nynorsk vore diskutert i sportsredaksjonen. Reportasjeleiar Øyvind Lein er faktisk svært overraska over at nettsøket i nettavisa hans peikte oss til 10 saker på nynorsk, men konkluderer med at dette er saker som er skrivne av Bergens Tidende, og som finst i Adresseavisen sitt arkiv som resultat av ei stoffutveksling mellom avisene.
– Vi har ikkje noko mål om at det skal vere nynorsk i avisa vår, seier Lein. – Vi har heller ikkje noko mål om at det ikkje skal finnast.
– Kva viss lesarane dykkar ber om det?
– Det må vi ta stilling til viss det kjem opp. Sjølvsagt kan ein redaksjon justere seg etter påtrykket frå lesarane. Men det nynorske dekningsområdet vårt opplever eg som ganske lite, og det har ikkje vore reist som ei sak til no.
Viss ein journalist ønskte å bruke nynorsk i Adresseavisen, meiner Lein at det ville ha vore greitt for han som sportsleiar, men at det likevel måtte vurderast om det hadde vore tenleg overfor lesarane.
Viking på nynorsk
I Stavanger Aftenblad er det ikkje mykje sportsstoff å finne på nynorsk, trass i at avisa har ein klår språkdelt profil. Fungerande sportssjef Jan-Erik Larsen trur som Enersen i Fædrelandsvennen at det heng saman med at ingen krev det. Han viser òg til at avisa tradisjonelt bruker bokmål til bysaker og nynorsk til distriktssaker.
– Men vi spør ikkje etter målform når vi tingar saker frå frilansarar, og ein sportsjournalist som ønskjer å skrive på nynorsk, får lov til det. Vi oppmodar dessutan journaliststudentar som hospiterer hjå oss, om å bruke si målform.
Larsen trur likevel det ville ha skapt reaksjonar om avisa byrja å skrive om fotballklubben Viking og hockeyklubben Stavanger Oilers på nynorsk.
– Vi hadde nok fått reaksjonar, slik vi gjer når vi skriv om bystyresaker frå Stavanger på nynorsk. Men det ville vel blitt ein fire-fem telefonar, så nokon lesarstorm hadde vi neppe fått.
Fornøgde
Tre av dei åtte avisene som LNK-avisa har sett på i denne reportasjen, har ikkje sportssaker eller andre nyhendesaker på nynorsk. Sportssjef Jens Olav Kløvrud i Dagbladet er sjølvsagt ikkje overraska over funna.
– Vi har for det første ingen sportsjournalistar som har nynorsk som sitt førstespråk. I tillegg er vi ei riksdekkjande avis som sjølv har bokmål som vårt førsteval.
– Men betyr det at de ville opna for nynorsk i sportsredaksjonen viss de fekk ein nynorskskrivande journalist?
– Vi har ikkje hatt nynorsk i sportssaker til no, med unntak av nokre heilt få gonger kor settingen eller intervjuobjektet har gjort det naturleg, er svaret frå sportssjefen.
Kløvrud seier bruk av nynorsk aldri har vore noko tema hjå sportsredaksjonen i Dagbladet, og at ingen heller har etterspurd det.
– Så alt i alt er de fornøgd med situasjonen slik han er?
– Det er vi.
Vil ikkje ha kvotering
Heller ikkje Aftenposten eller VG opnar for at nynorskjournalistar kan få skrive slik dei ønskjer i sporten, i alle fall ikkje så lenge avisene har ein språkpolitikk som seier noko anna.
– Når det gjeld målform, er linja vår i sportsredaksjonen den same som VG og redaktøren har lagd seg på, nemleg at vi er ei avis som bruker moderat bokmål. Vi har heller ikkje noko særskilt ønske om å få bruke nynorsk i sportssakene, seier sportssjef Trond Johannessen i VG.
Ansvarleg redaktør Bernt Olufsen i same avis utdjupar:
– Vi har fleire journalistar som opphavleg har nynorsk som hovudmål, i avisa, som til dømes Olav Versto. Desse må følgje språknorma vår, som vi har hatt sidan stiftinga av avisa, altså moderat bokmål.
– Men viss lesarane dykkar ønskjer nynorsk i avisa, kva då?
– Vi har fått fleire opprop og kampanjar mot oss om nett det. Vi meiner det er betre for avisa å ha ein einskapleg enn ein tospråkleg profil, slik til dømes Bergens Tidende og Sunnmørsposten har. Det er vanskeleg å halde ein jamn kvalitet viss vi blandar språka. Vi har då vald det språket som vi meiner flest folk i Noreg kan gjere bruk av, seier VG-redaktør Bernt Olufsen og tilføyer:
– Personleg meiner eg at språket er ein så viktig del av avisa sin identitet at det ikkje bør vere gjenstand for kvotering.
NYNORSK I SPORTSSAKER
LNK-avisa har lese sportssaker i seks tilfeldig valde papiraviser frå kvar redaksjon i perioden 23. august til 13. oktober og tald opp kor mange av desse som var på nynorsk. Vidare har vi sett på overskrift og ingress på dei 25 siste sakene på nettsidene deira. Vi har òg søkt på orda “spelarar”, “spele” og “skiløpar” i nettsøket og talt saker som er publiserte innafor tidsrommet.
Vi har vald dei regionale og landsdekkjande avisene som vender seg til lesarar i språkdelte område.
Medium | Papir | Nett | Søk |
Adressa | 0 | 0 | 10 |
Aftenbladet | 0 | 0 | 0 |
Aftenposten | 0 | 0 | 0 |
Bergens Tidende | 5% | 20% | 4 saker i haust |
Dagbladet | 0 | 0 | 0 |
Fædrelandsvennen | 0 | 0 | 0 |
Sunnmørsposten | 8% | 20% | 0 |
VG | 0 | 0 | 0 |