Heim Nyhende Omstilling har gitt resultat

Omstilling har gitt resultat

Omstillingsprogram tidleg på 2000-talet har gitt langtidseffekt og arbeidsplassar for kommunane og regionane.

Ti kommunar og regionar dreiv på slutten av nittitalet og byrjinga av dette årtiet omstillingsarbeid etter initiativ og med midlar frå Kommunal- og regionaldepartmentet, kommunane og fylka. Ei gransking utført av Trøndelag Forskning og Utvikling på oppdrag for Innovasjon Norge og Distriktssenteret syner at omstilling i dei ti områda har bidratt til 1 565 fleire arbeidsplassar. Områda har og fått eit meir robust og variert næringsliv.

Trass i dette, har områda samla sett hatt negativ folkevekst og ein lågare sysselsetjingsvekst enn resten av landet. Men rapporten slår fast at denne negative utviklinga kunne vore enno verre hadde ikkje områda vore i omstilling.

– Funna i rapporten gjer at vi meiner det er grunn til å sjå nærare på tida som vert sett av til denne typen omfattande utviklingsarbeid, seier direktør Halvor Holmli ved Distriktssenteret i ei pressemelding. – Dei ti omstillingsprogramma varte i seks år kvar. Signala om at det hadde vore fornuftig med meir, er tydelege. Det passar dårleg med dagens praksis, som stort sett er å tildele omstillingsstatus for to-fire år.

Eit omstillingsprogram er ein tidsavgrensa, ekstraordinær innsats for å få snudd ei svært negativ utvikling i sysselsetjing og folketal. Omstillingsarbeidet desse kommunane var med om pågjekk frå 1993 til 2000. Det vart i den prioden brukt 338 millionar kroner til omstillingsarbeid som fordelte seg på næringsutvikling, omstillingsløn, kompetanseheving og administrasjon av programmet.

Dalaneregionen, Oppdrift, Glåmdalsregionen og kommunane Sigdal, Sokndal, Odda, Vaksdal, Bremanger, Røyrvik og Narvik var med i omstillingsprogramma.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...