Heim Nyhende Litterært møte

Litterært møte

For første gong skal Kjartan Fløgstad høyre sine eigne tekstar bli lese opp på fleire språk. Og for første gong skal ein festspeldiktar intervjue ein tidlegare festspeldiktar. Lars Petter Sveen var ikkje tung å be til oppdraget.

– Alle forfattarar står på akslene til dei som er eldre, og som ung forfattar har Sveen lenge lese og sett opp til Kjartan Fløgstad, heiter det i ei pressemelding. 

– Eg vil nok kome inn på kva Fløgstad har hatt å seie for meg personleg, og kva påverknad eg meiner han har hatt for norsk litteratur, spesielt med tanke på den sjølvbiografiske bølgja vi har sett i det siste, seier Sveen.

Les programmet til Dei nynorske festspela 

Fløgstad debuterte som lyrikar i 1968, og har sidan gjeve ut ei rekkje romanar, prosasamlingar og verk innanfor andre sjangrar som biografi og industrihistorie. Romanane hans er prega av realistisk nøyaktigheit og historisk kunnskap, men også av satire, frodig fantasi og såkalla magisk realisme. Fløgstad har vore fleire gongar i Sør-Amerika og har gjort mykje for å spreie kunnskap om latinamerikansk kultur.

– Fløgstad skriv ofte fantastisk, men samstundes veldig norsk, og det tykkjer eg er spennande, seier Sveen.

Fløgstad er også omsett til mange språk. I høve Språkåret blir utdrag frå to av bøkene hans lese opp på norsk, russisk, tsjekkisk, spansk og fransk. Så spørs det om tekstane framleis høyrest ut som Fløgstad.

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...