Heim Nyhende Lovar kamp mot kommunesamanslåing

Lovar kamp mot kommunesamanslåing

Planane til regjeringa om å slå saman kommunar vil innebere enorme endringar og føre til veldig stor sentralisering av tenester, meiner Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

 

Senterpartiet er sterkt uroa over det partiet opplever som ei storstilt sentralisering frå Høgre/Frp-regjeringa. Aller øvst på lista over bekymringar står kommunereforma, som Sp lovar å kjempe imot med nebb og klør.

Senterpartiet håpar kommunereforma blir gjenstand for både eit folkeopprør og motstand internt i regjeringspartia når debatten for alvor tar av.

– Når debatten blir reell, trur eg det kjem til å bli ei heilt anna mobilisering med ein gong, seier Vedum.

– Alt skal bli større

Han meiner Sp har ei viktig oppgåve med å få i gang debatten og sikre at det er fri vilje som ligg til grunn for å slå saman kommunar.

I tillegg til å gå laus på kommunestrukturen meiner Sp regjeringa sentraliserer også ved å ville kutte talet på politidistrikt, leggje ned lokalsjukehus, sentralisere høgare utdanning og gjere norsk landbruk meir industrielt.

– Alt skal bli større og helst bli flytta inn til dei store byane. Alle som bur utanfor dei største byane, skal betale prisen, sa Vedum i talen til landsstyret i partiet måndag.

Målet til regjeringa med kommunereforma er «meir robuste kommunar med auka makt og styresmakt». Den meiner det er nødvendig med færre kommunar for å møte utfordringar og auka forventningar i befolkninga.

Nyleg gjekk kommunalminister Jan Tore Sanner (H) likevel tilbake på kravet om at samanslegne kommunar må ha fleire enn 10.000 innbyggjarar for å få reformstøtte. Han freda også fylkeskommunane.

Men Høgres kommunalpolitiske talsmann Frank Jenssen meiner Vedum slepp for billig unna med kritikken. Jenssen peikar på at mange kommunar, også nokre med Sp-ordførarar, ser behovet for kommunesamanslåing.

– Mange kommunar har ikkje ein einaste psykolog eller jurist tilsett. 98 kommunar har to eller færre stillingar med fagutdanning i barnevernet, seier Jenssen til NTB.

– Det er ikkje i interessa til dei sårbare innbyggjarane å ha så sårbare fagmiljø. Det er dei mest utsette som blir ramma, om sentrale velferdstenester eller grunnleggjande rettssikring ryk.

Danske erfaringar

Senterpartiet meiner for sin del det slett ikkje er sikkert at skular eller helsetenester blir betre av å slå saman kommunar. Partiet viser også til at folk i små kommunar ofte er vel så nøgde med tenestene som dei i store kommunar er.

Til landsstyremøtet hadde partiet henta inn den danske forskaren Roger Buch til å snakke om erfaringar med den danske kommunereforma. Han seier reforma, som hadde verknad frå 2007, ikkje har gitt færre, men fleire byråkratar. Ho har også ført til at 300– 400 skular og 100 bibliotek er nedlagde, forklara han.

– Men at sentralisering gir betre fagmiljø og betre tenester, kan ikkje bli dokumentert, seier han til NTB.

Store kommunar

Buch understrekar at reforma har skapt større avstand, både geografisk og mentalt, mellom mange danskar og dei kommunale tenestene dei treng.

Forskaren viser også til at reforma har skapt store kommunar, fordi det under samanslåinga blei eit kappløp om å bli så stor som mogleg. Det har fjerna lokalpolitikarane frå befolkninga og gjort det lettare for dei å gjere upopulære vedtak, ifølgje statsvitaren, som er forskingssjef i samfunnsfag ved Danmarks Medie- og Journalisthøgskole.

– Ein må alltid stille seg spørsmålet kvifor skal vi vere store? Når er storleik ein fordel? seier han. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...