Heim Nyhende Nynorskrørsla støttar språksterkt NRK

Nynorskrørsla støttar språksterkt NRK

I høyringsuttalane til NRK-plakaten understrekar nynorskorganisasjonar kor viktig NRK er for språkleg mangfald i Noreg. Nynorsk kultursentrum vil presisere den språkpolitiske rolla med to nye punkt.

 

Kulturdepartementet har sendt NRK-plakaten ut på høyring, som ei førebuing til ei stortingsmelding om NRK som er venta neste vår. Fristen gjekk ut tysdag og mellom dei som har uttalt seg er Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda, Noregs Mållag og Nynorsk kultursentrum. Alle støttar ei vidareføring av kravet om minst 25 prosent nynorsk i alle sendingar, for alle plattformer og i alle kanalar.

Språkkrav til digitale tenester

Nynorsk kultursentrum skriv i si høyringsfråsegn at NRK bør ha ei av hovudrollene på det digitale feltet i tiåra som kjem. Dei har merka seg at kommersielle interesser ønskjer å avgrense handlingsrommet til NRK, men meiner at i dei tilfella dei har greidd det, har det ikkje kome nye, kommersielle tilbod som erstattar dei gamle og som er like gode.

I dag utgjer saker skrivne på nynorsk om lag 17 prosent av det samla stoffet på nrk.no. Ingen andre av dei store nettstadene er i nærleiken av noko slikt. Dette meiner Nynorsk kultursentrum er viktig å vidareføre og foreslår eit tillegg til NRK-plakaten, til dømes eit nytt punkt 17f: «NRKs tilbud av digitale tjenester skal følge de samme reglene for bruk av bokmål og nynorsk som presisert ovenfor.»

Også uttalane frå Noregs Mållag og Nynorsksenteret presiserer at språkkrava må gjelde på alle plattformer. Mållaget peikar også på at NRK bør gje gode vilkår for NRK Nynorsk mediesenter for å sikre rekrutteringa av nynorskjournalistar. Dei støttar også distriktskontora og skriv at det er viktig at NRK framleis skal ha eit godt lokalt tilbod og produsere saker lokalt.

Eigenreklame på nynorsk

Nynorsk kultursentrum går også inn for eit utvida språkkrav når det gjeld det dei kallar det redaksjonelle administrasjonsspråket i sendingane. Dei viser til at reklameldingar som «NRK P1» lenge berre kunne høyrast som «en», ikkje «ein, og at dei aller fleste kunngjeringar, emneknaggar og generell programtitlar framleis berre er på bokmål.

Difor vil dei ha eit tillegg til punkt 14d i NRK-plakaten: «NRKs tilbud skal i hovedsak bestå av norskspråklig innhold. Begge de offisielle målformene skal benyttes. Minst 25 prosent av innholdet skal være på nynorsk. Både bokmål og nynorsk skal benyttes som redaksjonelt administrasjonsspråk overfor publikum.»

Barn, musikk og minoritetsspråk

Nynorsksenteret understrekar i høyringsuttalen sin også kor viktig NRK er som produsent av tekst og tale på nynorsk og dialekt for barn og ungdom som lærer nynorsk. Dei skryt av det banebrytande arbeidet NRK Super gjer og meiner krava i NRK-plakaten om å styrkje norsk språk, identitet og kultur er eit fundament for dette arbeidet.

Noregs Mållag framhevar også at NRK bør halde på kravet om 35 prosent norsk musikk og at brukarane av samisk og andre nasjonale minoritetsspråk må få eige stoff på sitt språk. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

Voss herad er Årets nynorskkommune: – Det same som verdsmeister i nynorsk

Kulturdepartementet heidrar Voss herad for klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. – OL-og VM-medaljer har me i bøtter...

MEST LESE

Språksjov-Linda vedgår: – Mange vil gjerne inn i skåpet mitt

Dette er det andre intervjuet i årets sommarserie. Mykje moro og mange bilete av den fargerike vossingen og sjefen for den populære...

Guri Vesaas får Storegutprisen under Litteraturdagane 2022

På Litteraturdagane i Vinje blir tidlegare redaktør i Det Norske Samlaget, Guri Vesaas, heidra med Storegutprisen. Ho får prisen spesielt for den...

Rekordtal for nynorskinnhald i Store norske leksikon

I over 100 år var Store norske leksikon (SNL) nesten berre på bokmål. Men etter at SNL og Nynorsk kultursentrum gjekk saman...

Miljøstøtte frå Vestland til Framtida Junior

Framtida Junior vil laga til miljøjournalistkurs for barn og unge fleire stader i Vestland no i haust, og gje ut ei miljøutgåve...