Heim Nyhende - Lyst til å gi noko tilbake

– Lyst til å gi noko tilbake

 Den som har hatt gleda av å samarbeide med Audun Heskestad, har nok lyst til å gi noko tilbake, seier Ottar Grepstad.

I dag blir tidlegare forlagssjef i Det Norske Samlaget, Audun Heskestad, utnemnt til riddar 1. klasse av Den Kongeleg Norske St. Olavs Orden for innsatsen hans for nynorsk skriftkultur.

Alle dei vi spurde om å stille seg bak denne tilrådinga, sa ja med ein gong, seier Grepstad i ei pressemelding frå Samlaget.

Heskestad arbeidde i Samlaget i 38 år frå 1971 til 2009 utan avbrot.

Han har gjennom eit langt liv fremja skrivekunsten og gitt boklesarar i mange land lesestoff av fremste kvalitet, seier forlagsdirektør Tove Lie i Samlaget.

Brevet med framlegg om utnemninga er underteikna av forfattar Arthus Arntzen, seksjonsleiar Mari Finess i Norsk kulturråd, forfattar Jon Fosse, professor Otto Hageberg, kyrkjeverje og tidlegare kulturminister Valgerd Svarstad Haugland og tidlegare forlagsdirektør William Nygaard.  

 

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...