Heim Nyhende Forventar diskusjon

Forventar diskusjon

 

Den nye rettskrivingsnorma i nynorsk er snart ferdig. Grete Riise trur likevel det vil bli ein frisk debatt om endringane som nemnda har foreslått.

 

– No sit me med siste hand på innstillinga før ho skal ut til offentleg høyring, seier Grete Riise, som er leiar i rettskrivingsnemnda. Ho registrerer at stadig fleire no deltek i debatten om kva endringar ein bør gjere i rettskrivingsnorma.

– Me er godt nøgde med at folk engasjerer seg og meiner noko om språket. Eg ventar mykje respons på høyringsrunden.

Nemnda har hatt eit hovudmål om å gjere norma strammare og enklare å orientere seg i. Dette meiner Riise ein er på god veg til å klare.

– Me har gjort ein del ting litt enklare. Til dømes foreslår me at ein berre bør få lov til å skrive naturleg, og ikkje naturlig, som i dag er ei klammeform. I tillegg tek me ut former som er lite brukte. I-målet er eit døme på det, meiner Riise.

 

Får ikkje innsyn
Nemnda har gått gjennom eit stort digitalt tekstkorpus for å sjå kva den faktiske bruken av nynorsk er i dag. I nynorskkorpuset ligg det både lokalaviser, sakprosa og skjønnlitteratur frå dei siste 150 åra. Dei har òg hatt møte med fleire institusjonar som brukar nynorsk. I tillegg har dei fått mange innspel på diskusjonsforumet Nynorsk 2011 og på e-post. Men éi gruppe står att.

– Me får ikkje innsyn i eksamensoppgåver på vidaregåande skular i dei tre fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal. Det er forferdeleg dumt sidan det ville gitt oss mange svar. Det er jo på denne dagen ungdommane skriv det dei verkeleg trur er rett.

Utdanningsdirektoratet forklarer avslaget ut frå åndsverklova og personvernet til elevane.

– Det forstår eg ikkje, me skal jo ikkje eingong sitere frå oppgåvene. Me vil berre sjå kva elevane skriv, seier Riise oppgitt.

Nemnda har ikkje fått noko endeleg svar frå direktoratet, men tida byrjar å bli knapp dersom dei skal klare å gå gjennom oppgåvene før norma vert lagd fram i april.

Det er klart me kan justere litt i april, men sjansane våre blir mindre. Det beklagar eg sterkt, for dette kunne vore til stor hjelp.

 

Skaper engasjement
Grete Riise trur endringsforslaga, som mellom anna går ut på å ta vekk i-målet, kløyvd infinitiv og einskildord som skole, vil skape engasjement blant folk flest.

Norma er både eit fagleg og eit politisk dokument, som mange har ei meining om. Mykje av dette handlar om prinsipielle spørsmål, og om kva retning språket bør gå i. Og kjenslene speler sjølvsagt inn, om ein er tradisjonell nynorskbrukar eller ikkje. Ofte vil ein halde på formene som ein sjølv brukar.

Med grunnlag i språkmeldinga frå 2008 fekk Språkrådet oppgåva med å skrive ei ny nynorsknorm. Norma, som no blir lagt ut til høyring,  skal vere tydeleg og gjere det enklare å vere nynorskbrukar. Det blir eit ope høyringsmøte i Nasjonalbiblioteket 21. februar, og høyringsfristen er sett til 25. februar.

Vidare skal nemnda levere si innstilling til styret i Språkrådet 1. april. Språkrådet skal etter planen gjere vedtak 20. mai og sender så innstillinga til Kulturdepartementet til endeleg avgjerd. Det er venta at ordbøkene er klare til skulestart i 2012, og at den nye norma skal gjelde frå då av.

Leiar i nemnda, Grete Riise (62), er nettredaktør hjå Fylkesmannen i Hordaland. Med seg har ho førsteamanuensis Unn Røyneland (43), som arbeider ved Universitetet i Oslo og ved Høgskulen i Volda, journalist Ragnhild Bjørge (32), som er journalist og reportasjeleiar i NRK Dagsnytt, lærar Karin Magnetun (46) frå Torpo barneskule, lektor og forfattar Tore Elias Hoel (56) frå Bodø videregående skole, redaktør Svend Arne Vee (42) i lokalavisa Firdaposten i Florø og prosjektdirektør Åse Wetås (37) i Norsk Ordbok 2014. Sekretær for prosjektet er ordlisteredaktør og språkrettar Aud Søyland (55).

 

 

——————————————————————-

 

NY RETTSKRIVING

 

Rettskrivingsnemnda har blant anna desse framlegga til endring i nynorsknorma:

Dei fleste ord som i dag kan skrivast med ø eller y, får to jamstelte former. Døme: fylgja/følgja.

Ord som i dag har hovudform med dobbelkonsonant og klammeform med enkelkonsonant skal i dei fleste tilfella berre ha dobbel konsonant. Døme: plomme. Forma plome går ut.

I-målet blir tatt ut av norma.

Ordet skole blir tatt ut, dermed er det berre lov å skrive skule.

Vekedagane blir skrivne som før.

Ubunden form eintal av hokjønnsord går ut. Døme: ei visa går ut, og ei vise blir eineform.

I 2. person fleirtal skal det vere mogleg å bruke same form som subjekt og objekt, altså dykk – dykk. Det blir likevel framleis høve til å skilje mellom de og dykk som før.

Kløyvd infinitiv går ut. Ein skal likevel kunne bruke a-infinitiv eller e-infinitiv.

 

Sjå fleire av framlegga på www.sprakradet.no

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...