Heim Nyhende Mållaget med språkrefs til Visit Norway

Mållaget med språkrefs til Visit Norway

Noregs Mållag meiner det er kritikkverdig at Visit Norway marknadsfører kjende reisemål i nynorskområde på bokmål.

– Sidan Visit Norway er eigd av staten via Næringsdepartementet og Innovasjon Noreg, bør vi kunna forventa at det vert reklamert både på bokmål og nynorsk. I dag brukar Visit Norway bokmål, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding.

Han peikar på at Visit Norway i 2017 lova at dei skulle vurdera om dei skulle ta i bruk nynorsk, utan at det har skjedd noko særleg.

På armlengdes avstand

– Mitt inntrykk er at Visit Norway vil halda nynorsken på ei armlengdes avstand, og at dei i praksis ser på «norsk» som eigentleg berre bokmål, seier Aasbrenn.

Han meiner dette bryt med mållova som seier at det skal vera ei rimeleg fordeling mellom målformene i informasjonstilfang som er eigde av statsorgan. Mållagsleiaren peikar også på at mange av dei mest kjende reisemåla i Noreg ligg i nynorskområde.

To former engelsk, men berre éin norsk

– Visit Norway greier å gje informasjonen sin på fjorten andre språk. På nettsidene presenterer dei stoffet sitt på britisk og amerikansk engelsk, dansk, fransk, tysk, italiensk, nederlandsk, kinesisk, polsk, brasiliansk, portugisisk, spansk, japansk og svensk. Då burde det vera innanfor rekkjevidd å bruka nynorsk også, seier Magne Aasbrenn.

Dersom nynorsk-boikotten frå Visit-Norway held fram, vil Noregs Mållag leggja saka fram for næringsminister Iselin Nybø.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...