Heim Nyhende Hoem utnemnd til kommandør av St. Olavs orden – har fått nynorsken ut...

Hoem utnemnd til kommandør av St. Olavs orden – har fått nynorsken ut til alle

Edvard Arnt Hoem blei fredag utnemnd til kommandør av St. Olavs orden i Aschehoug-villaen i Oslo. Både familie, venner og kollegaer var møtte fram for å heidre forfattaren.

– Det kom som ei overrasking då eg fekk vite at eg skulle få utnemninga. Eg går ut frå at eg først og fremst får ho for litteraturen min, sa Hoem til Nynorsk pressekontor rett i forkant av utnemninga. Då hadde han ikkje lese grunngivinga frå Ordensrådet, som deler ut prisen.

Har fått nynorsken ut til alle

– Med litterær kvalitet og engasjement som verkemiddel har Hoem som forfattar og samfunnsdebattant brote ned mange fastlåste haldningar mot nynorsk. Hoem har vist verdien av ein språkdelt norsk kultur og vist at nynorsk ikkje er til hinder for å nå ut til eit breitt publikum, sa kansellisjef Mette Tverli då ho utnemnde Hoem fredag.

Tverli peika òg på at juryen i grunngjevinga si legg Hoems skildring av menneske til grunn for utnemninga.

– Hoem har skrive uforgløymelige portrett av menneske og deira liv og virke. Han har ei eiga evne til å skildre gleda og slitet i alle typar arbeid. Han utforskar sosiale klassar og viser nyansar i ulike menneske, sa ho.

Kritisk til forskjellssamfunnet

Hoem sjølv skildra livet og forfattarskapen sin som ei eventyrleg reise, då han tok imot utnemninga.

– Eg har vore med på ei eventyrleg reise. Frå det førmoderne samfunnet der hesten var den viktigaste trekkrafta og fram til det postmoderne samfunnet kor eg dagleg kan kommunisere med menneske over heile jorda, sa han i talen sin.

– Eg har fått oppleve alt eit menneske kan forlange for å ha levd eit rikt og godt liv, sa han.

I talen nytta òg Hoem høvet til å kritisere Europa for måten flyktningar blir behandla på i nyare tid.

– Det har vore mykje snakk om det som ein kallar norske verdiar. Dei verdiar eg identifiserer meg med, er ikkje spesielt norske. At alle menneske er født like, var ikkje ein tanke som oppstod her. Det er djupt nedslåande at Europa ikkje klarer å hindre at millionar av menneske stadig er på flukt, og at dei bur i leirar med dei mest nedverdigande forhold ein kan tenkje seg. Så lenge eg har krefter til det, vil eg vere med å påpeike at dette er ei stor skam for tida vår, sa forfattaren.

Glad i kongehuset

Under utnemninga kom det òg fram at Hoem har stor respekt for det norske kongehuset og det dei står for.

– Eg har hatt mange politiske standpunkt, men det norske kongehuset har alltid hatt betydning for meg. Derfor tar eg imot utnemninga med glede, seier Hoem til Nynorsk pressekontor.

Også i talen sin peika forfattaren på betydinga Kongehuset har hatt.

– Gjennom ulike tidsepokar har eg sett kor ungt og skjørt det norske demokratiet er. Eg har alltid tenkt at eit lite samfunn som det norske må ha ein høvding. Og lenge før, men særleg under arbeidet med biografien om Bjørnstjerne Bjørnson, gjekk det opp for meg kor avgjerande kongehuset har vore for den historiske utviklinga i landet vårt frå 1905 til i dag. Derfor vil eg gjennom representanten frå ordenskanselliet rette mi største takk Hans majestet Kong Harald for denne store æra som er gitt meg til del, sa Hoem.

 

 

 

<p>(©NPK)</p

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

– Éin nynorskmillion er ikkje nok

– Det er avgjerande at Teater Vestland får auka tilskot i ei krevjande tid, men Støre-regjeringa har samla sett ikkje levert godt nok for...

Jublar over nynorskstøtte

Nynorsk bedriftsforum er tildelt 950 000 kroner frå spelemidlane for 2025. Midlane er fordelte av Kultur- og likestillingsdepartementet og skal gå til vidare utvikling...

Trond (39) er tilsett i LNK – skal styrka nynorsk i skulen i Rogaland

Landssamanslutninga av nynorskkommunar har tilsett Trond Salte (39) for å få fart på prosjektet «Meir mål på Jæren». – Det er makelaust gildt! seier Trond...

Årsrapport for LNK 2023–2024

Annakvart år, i samband med årsmøtet og landstinget i LNK, legg organisasjonen fram ei fyldig årsmelding og revidert rekneskap for dei siste to driftsåra....