Oddny Miljeteig har fått Hordaland Mållag sin målpris for 2012. Sidan Kristin Halvorsen sitt utspel om sidemålet i januar har ho verva 360 nye medlemmer til mållaget.
– Eg trur me står ovanfor ein ny giv for nynorsken. Det vert uttrykt ein kjærleik og eit politisk engasjement for språket me ikkje har sett på lenge. Nynorsken må me ha, og nynorsken må styrkjast, sa SV-politikar Oddny Miljeteig då ho fekk prisen på Hordaland Mållag sitt årsmøte på Lindås på laurdag.
Etter at kunnskapsminister Kristin Halvorsen i januar gjekk ut og opna for å svekkja sidemålsordninga har Noregs Mållag fått 1700 nye medlemmer. Miljeteig har så langt verva 360 av desse.
– Oddny Miljeteig har arbeidd for nynorsken i 40 år og har vist eit stort engasjement, ikkje minst i den siste tida. Det kan henda at Kristin Halvorsen også hadde fortent prisen for å vekkja så mykje engasjement, men det er Oddny som fortener han mest, sa Martin Årseth, leiar i Hordaland Mållag i ei pressemelding.