Det manglar ikkje på interesse når staten deler ut 160 millionar kroner til breibandsutbygging i grisgrendte strøk.
Fleire kommunar planlegg i desse dagar breibandsutbygging med finansiering frå den statlege tilskotsordninga som er forvalta av Post- og teletilsynet (PT). Nærmare 200 kommunar har bestilt lokale dekningskart frå PT til hjelp i arbeidet med å kartleggje breibandsdekninga, ifølgje tilsynet.
Breibandsstøtteordninga skal finansiere breibandsutbygging i område der dei kommersielle aktørane ikkje meiner det er lønnsamt å byggje. Kommunar og fylkeskommunar kan søkje om støtte til dette innan 6. juni.
På heimesidene til Post- og teletilsynet ligg det ute ei landsdekkjande oversikt over dei planlagde breibandsprosjekta. Denne oversikta blir fortløpande oppdatert. (©NPK)