Heim Nyhende Mange røyster om språk

Mange røyster om språk

Sidan 1970 har det vore 286 folkerøystingar om målform her til lands. Av desse vart heile 94,4 prosent tatt til følgje, viser tal frå SSB.

At målsak engasjerer viser fordelinga mellom dei ulike tema vi har hatt lokal folkerøysting på. Det har totalt vore halde 602 lokale folkerøystingar dei siste 30 åra, og av desse gjaldt nesten 48 prosent målform. 27 prosent gjaldt alkohol, 14 prosent var territorielle, 9 prosent omhandla krins og identitet, medan 2 prosent handla om miljø.

Steinkjer kommune er saman med Bergen den kommunen som har hatt flest folkerøystingar knytte til val av målform i grunnskulen. Heile 19 gongar har skulemålet vore tema for røysting sidan 1970, noko som har medført at det no berre er ein skule att i Steinkjer med nynorsk som hovudmål.

– I den tida målrørsla vaks i Steinkjer gjekk dei fleste skulane raskt over til nynorsk. Dei seinare åra har vi opplevd tilsvarande fråfall, seier leiar i Steinkjer mållag, Lars -Eirik Havdal.  Han trur mykje tilflytting har gjort at nynorsken har fått ein svakare posisjon i kommunen.

Også andre målfolk LNK har snakka med i Steinkjer meiner det tidvis ser mørkt ut for nynorsken, i alle fall som skulemål. Men at det er ein tapt kamp, er dei ikkje med på. Gunnar Gravås er ein av dei som har vore aktive i målrørsla i mange år, og han meiner hsitoria syner at folk i Steinkjer ikkje plar gi seg med det første.

– Ser vi hundre år tilbake i tid, så stemte vi den gongen for republikk og ikkje monarki. Vi har alltid vore skeptiske til sentralmakta, forklarar Gravås. – Målfolket i Trøndelag er ikkje nokre “underdogs”. For oss er målkampen ein måte å vise forakt for framandmakt og overstyring på.

 


FAKTA:

 

Folkerøystingar om målform frå 1970 til 2009:

1702 Steinkjer 19
1201 Bergen 19
1721 Verdal 13
0817 Drangedal 10
1635 Rennebu 9
0520 Ringebu 9
1729 Inderøy 8
1576 Aure 8
1567 Rindal 8
1504 Ålesund 8
1719 Levanger 7
0822 Sauherad 7
0807 Notodden 7
1021 Marnardal 6
0911 Gjerstad 6
0819 Nome 6
1657 Skaun 5
1124 Sola 5
1122 Gjesdal 5
1573 Smøla 4
1502 Molde 4
1142 Rennesøy 4
0632 Rollag 4
0522 Gausdal 4
1736 Snåsa 3
1648 Midtre Gauldal 3
1638 Orkdal 3
1636 Meldal 3
1613 Snillfjord 3
1563 Sunndal 3
1560 Tingvoll 3
1246 Fjell 3
1149 Karmøy 3
1112 Lund 3
1102 Sandnes 3
0620 Hol 3
0439 Folldal 3
1751 Nærøy 2
1664 Selbu 2
1247 Askøy 2
1219 Bømlo 2
1135 Sauda 2
1127 Randaberg 2
1027 Audnedal 2
1017 Songdalen 2
1014 Vennesla 2
0935 Iveland 2
0929 Åmli 2
0928 Birkenes 2
0919 Froland 2
0912 Vegårshei 2
0542 Nord-Aurdal 2
0517 Sel 2
0516 Nord-Fron 2
1860 Vestvågøy 1
1826 Hattfjelldal 1
1825 Grane 1
1822 Leirfjord 1
1743 Høylandet 1
1725 Namdalseid 1
1653 Melhus 1
1633 Osen 1
1571 Halsa 1
1401 Flora 1
1146 Tysvær 1
1120 Klepp 1
1101 Eigersund 1
1046 Sirdal 1
1034 Hægebostad 1
0937 Evje og Hornnes 1
0826 Tinn 1
0617 Gol 1
0541 Etnedal 1
0540 Sør-Aurdal 1
0512 Lesja 1

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...