Heim Nyhende Medlemsauke i mållaget

Medlemsauke i mållaget

Noregs Mållag opplever at mange vil støtte nynorsken etter at det var kjent at kunnskapsminister Kristin Halvorsen vil setje Utdanningsdirektoratet i gang med å svekkje sidemålsordninga. Siste døgnet har 55 meldt seg inn i Noregs Mållag.

– Det er veldig godt å oppleve at folk bryr seg om nynorsken, og ser at eit sterkt Noregs Mållag er viktig, seier Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag, på mållaget sine nettsider.

Noregs Mållag er ein organisasjon som samlar målfolk frå heile Noreg og har medlemer frå Frp, Høgre, via KrF, Venstre, Ap, SV og Raudt.

– Det er kjekt å sjå at mange deler vårt syn på nynorsk sin plass i skulen, og at dei har tru på at Mållaget kan gjere ein skilnad, seier dagleg leier Gro Morken Endresen.

Sist Mållaget opplevde ein slik vekst på eitt døgn var då NRK sende mållagsepisoden av programmet Ut i vår hage. Då fekk Norsk Målungdom og Noregs Mållag 40 medlemer på eitt døgn. Mållaget har no om lag 10 400 medlemer.

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...