Heim Nyhende Meiner kommunen bør bli språknøytral

Meiner kommunen bør bli språknøytral

Meininga var at Nissedal kommune skulle ta stilling til om det var behov for ein eigen målbruksplan. I staden for utvikla debatten seg til ein diskusjon om kommunen bør bli språknøytral. 

Kommunalsjef for personal og utvikling i Nissedal kommune, Benedicte Vonen, var ein av deltakarane på landstinget til LNK i vår. I etterkant føreslo ho å lage ein eigen målbruksplan i kommunen. 

– Ein slik plan vil underbyggje identiteten til kommunen, seier Vonen til Vest-Telemark Blad.

Ho vart overraska over at debatten i kommunestyret i staden for handla om kommunen skulle vere nynorskkommune eller språknøytral.

– Det var meir trist enn uventa at fleire politikarar kunne tenkje seg ein språknøytral kommune. Nokre politikarar ynskte å starte ein debatt der og då, men det var ikkje meininga, seier Vonen.

Tore Skåli (Ap) og Frank E. Lien (Frp) meinte det var på tide at kommunen vart språknøytral. 

– Me er tente med at kommunen blir språknøytral, ei løysing som vil gjere både dei tilsette og barna på skulen ei teneste. Elevane må få velje om dei vil skrive nynorsk eller bokmål, seier Skåli og Lien til VTB.

 

Nissedalordførar Halvor Homme er fødd og oppvaksen i Skien, og har brukt bokmål i mange år. Han er klar over at Nissedal ligg i yttergrensa og at det vil bli trykk på kommunen med tanke på bruk av bokmål. Likevel er han sikker i si sak. 

– Det er heilt uaktuelt for meg å dra i gang ein debatt om kommunen skal bli språknøytral. Språket i Nissedal er heilt fantastisk, og eg set veldig pris på at alle kommunetilsette brukar nynorsk, seier ordføraren.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...