Heim Nyhende Meiner SMS-språk kan true nynorsken

Meiner SMS-språk kan true nynorsken

– Skriving på dialekt kan gjere fremtida for nynorsk som skriftspråk meir usikker, meiner forfattar og språkforskar Helene Uri.

Mange forfattarar vel vekk både nynorsk og bokmål – og skriv dialekt.

– Grunnen til at dialektar oppstår, er jo at dei representerer ei eiga verd. Slik oppstår spesielle ord. Difor må det vere lov å bruke ord som er vanskelege. Likevel, eg legg meg sjølv på ei meir moderat linje, seier forfattar og poet Ove Røsbak til NRK.

Språkviter Helene Uri meiner dialektbruk gjer at me bevarer ordforrådet frå ulike miljø. Ho peikar på det ho kallar ein renessanse i SMS – språket me brukar til dagleg.

– Det skulle ikkje forundre meg om det smittar over. Vi har jo ein lang og god tradisjon for å skrive på dialekt her i landet.

Flere etablerte forfattere bruker dialekten sin når de skriv. Øyvind Rimbereid var nominert til både Brageprisen og Nordisk Råds litteraturpris, med diktsamlingane « Orgelsjøen » og «Jimmen». Erlend O. Nødtvedt har gitt ut fleire diktsamlingar på dialekt, og «Bergens beskrivelse» blei kåra til ei av årets beste bøker av Klassekampen. Roy Jacobsen nye bok « De usynlige », som er nominert til P2-lytternes romanpris ,er delvis skrive på dialekt.

Uri trur nynorsken som skrift er meir pressa enn bokmålet.

– Å ause av det språklege mangfaldet og den språklege rikdomen ligg naturleg i oss. Likevel synes eg ein bør bruke standardmålformene i nokre samanhengar, som i nyhendesendingar, seier ho til NRK.

– Dialektbruken kan virke begge veier. Eg er av den mening at ein trang nynorsk-norm er det beste for nynorsk. Skriving på dialekt kan bidra til å gjere framtida for nynorsk som skriftspråk meir usikkert.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...