Heim Nyhende Nysamla salmar klare for synging

Nysamla salmar klare for synging

Søndag vert ei splitter ny salmebok innvigd i norske kyrkjer. Ho inneheld både golvvask, dialekt og bitte litt meir nynorsk enn før.

 

Den første dagen i kyrkjeåret, første søndag i advent, får kyrkjegjengarane ta i bruk den nye salmeboka. Prosjektleiar for boka Vidar Kristensen trur det vert ein festdag over heile landet når kyrkjelydane stemmer i salmar frå ferskt papir.

–  I utveljinga har vi hatt kontakt med folk i heile Noreg for å sikre at vi som sit i Oslo ikkje tok ut nokon som var mykje brukt andre stader, forsikrar Kristensen.

Det er heile 272 nykomarar blant dei 899 salmane i boka. Ein av tre salmar i den førre utgåva frå 1985 fekk ikkje vere med i den nye salmeboka. Derimot blei halvparten av salmane i ekstrautgåvene Salmer 1997 og Salmebok 2008 tekne med.

Julekveldsvisa god nok
Vegen fram til den nye utgåva av salmeboka har ikkje vore utan diskusjon. Spørsmålet som har fått mest merksemd, var om «Til ungdommen» av Nordahl Grieg skulle få kome mellom permane. Kampsongen måtte vike på grunn av for lite teologisk innhald.

Fleire songar som ikkje har hatt eit utprega salmestempel, har likevel fått plass i den nye utgåva. Ein av nykomarane er «Når har vi vaske golve» av Alf Prøysen, også kjent som Julekveldsvisa. Det same er «Velsigna du dag over fjordan» av Trygve Hoff, ofte kalla Nordnorsk julesalme. Begge desse to er skrivne på dialekt, og er to av dei fem dialektsalmane i boka.

Dåpssalmen «Her e det et lite barn som kommer» av visesongaren Kari Bremnes er eit tredje dialektbidrag. Bremnes får selskap av visekollega Erik Bye med «Jeg synger meg en blå, blå salme».

To tonesette dikt av Olav H. Hauge, «Alltid ventar eg å finna» og «Nysnøen legg ei kåpe», fekk òg vere med på laget.

Gjer døra høg for nynorsken
I arbeidet med den nye salmeboka har det vore ei klar målsetting at to av fem salmar skal vere på nynorsk. Utveljinga vert gjort med stor flid, og det skal vere ein balanse mellom målformene ved alle dei kyrkjelege høgtidene.

–  Ingen ville finne seg i at til dømes alle julesalmane var på bokmål og alle påskesalmane var på nynorsk, seier Åge Haavik som har vore sekretær for arbeidet med den nye boka og leidde arbeidet med den førre utgåva.

Samla sett er 59,4 prosent av tekstene på bokmål og 40,6 prosent på nynorsk. Det er omtrent den same fordelinga som i den gamle utgåva frå 1985, med eit par prosent meir nynorsk denne gongen (opp 2,5 prosent frå 38,1 prosent).

–  I tillegg måtte vi passe på å ikkje la salmenummera overstige fire siffer for å unngå at alle kyrkjene i landet måtte byte ut salmetavlene der det i dag berre er plass til tresifra tal, fortel Haavik.

Inga tvangsinnføring
Det er sokneråda i den enkelte kommunen som vedtek om dei vil innføre den nye salmeboka. Men enkelte har ikkje hatt råd til å kjøpe den ferske utgåva endå.

–  Vi har høyrt om kreative aksjonar der lokalt næringsliv har sponsa bøkene, eller ei kvinneforeining der åtte damer punga ut for nye salmebøker til heile kyrkjelyden, seier prosjektleiar Kristensen.

Han fortel at boka har fått gode tilbakemeldingar og tippar at så godt som alle kyrkjelydar har gått over til den nye salmeboka innan eit par år. For dei som heller vil sjå songtekstane på storskjerm, går det an å abonnere på ein digital salmedatabase. Sjølv om så mykje som kvar tredje salme i den gamle salmeboka blir skifta ut på søndag, trur ikkje prosjektleiaren folk vi slite med å henge med på notane.

–  Vi ber kyrkjelydane stikke fingeren litt i jorda og ikkje berre pøse på med nye salmar, men føle seg litt fram og ta i bruk nye salmar litt for litt.

FAKTA: Språkfordelinga i den nye salmeboka

Bokmål 577

Nynorsk 366

Eldre språkdrakt 5

Dialekt 5

Nordsamisk 15

Lulesamisk 15

Sørsamisk 15

Kvensk 15

Svensk 23

Engelsk 26

Andre språk 17

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...