Heim Nyhende Milepæl for Alkunne

Milepæl for Alkunne

Det digitale oppslagsverket Allkunne, presenterer for første gong i Noreg ein komplett serie med biografiar over norske statsministrar på nynorsk.

Biografiane er skrivne av politiske redaktør i Sunnmørsposten, Harald Kjølås, og prosjektet har kome til gjennom eit samarbeid med Samlaget og Statsministerens kontor, fortel Allkunne i ei pressemelding.

– Dette er eit viktig demokratisk prosjekt. Å kome tettare inn på norske regjeringssjefar gir ny kunnskap om Noreg som nasjon. Vi får innblikk i både skjebnar, konfliktar og politisk spel, og vi vert kjende med mennesket bak tittelen, seier dagleg leiar i Allkunne, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

Bileta som er knytt til artiklane, har tidlegare aldri vore vist for eit allment publikum. Bileta hang i Høgblokka fram til 22.juli, og er no digitaliserte og flytta. Allkunne er dei første som publiserer bileta digitalt. Audhild Gregoriusdotter Rotevatn seier ho er svært glad for samarbeidet med Statsministerens kontor.

Allkunne er eit nynorsk nettleksikon som opna i 2009.

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...