Heim Nyhende Millionar å henta for turistvegar på Vestlandet

Millionar å henta for turistvegar på Vestlandet

Reiselivet langs fire nasjonale turistvegar på Vestlandet kan henta ut til saman 114 millionar kroner meir enn dei gjer i dag, viser ny rapport.

Tala kjem fram i ein rapport som Menom Business Econmics nyleg har levert på oppdrag for Fjord Norge og reiselivsklyngja Norwegian Centre of Expertise (NCE) på Vestlandet, fortel nettavisa Nett.no.

Rapporten tek for seg ein turistveg i kvart av dei fire fylka på Vestlandet og viser kor mykje meir det er mogleg for turistnæringa å tena på natur- og kulturbaserte tilbod.

Geiranger -Trollstigen i Møre og Romsdal toppar lista med 40 millionar meir enn i dag. Deretter følgjer Riksveg 7 i Hardanger med 39 millionar, Sognefjellet med 27 millionar og fylkesveg 520 i Ryfylke med 8 millionar.

– Dette høyrest fint ut, og talet er ganske høgt, men vi er fullt klar over at der er meir å henta, seier dagleg leiar i Destinasjon Geirangerfjord-Trollstigen til avisa.

I 2010 hadde dei fire vegane til samanlikning ei verdiskaping på 22 millionar kroner.

Rapporten byggjer på eit web-basert intervju med 719 tyskarar og 559 nederlendarar som hadde feriert i utlandet dei siste fem åra. Både blant dei intervjua turistane og utanlandske turoperatørar er naturopplevingar det viktigaste. Rundturar med båt på fjorden, guida vandreturar og brevandring toppar lista, medan besøk i stavkyrkjer, vikingattraksjonar og opplevingar knytt til lokal mat er mest populært når det gjeld kulturhistoriske opplevingar. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...