Heim Nyhende Nynorsk Grunnlov?

Nynorsk Grunnlov?

I 1906 fall eit framlegg om ei nynorsk utgåve av Grunnlova. I år er det omkamp.


– Grunnlova er den høgaste rettskjelda i Noreg. At ho kjem i nynorsk utgåve ved sida av bokmålsversjonen, er den mest symboltunge markeringa av at me har to jamstilte målformer, som me kan ha, seier Gunnar O. Hæreid i Juristmållaget.

– Det vil vera ein sterk inspirasjon for alle juristar og jusstudentar som skriv nynorsk, og sjølvsagt også for alle andre som er glade i nynorsken, seier Hæreid, som til dagleg arbeider som assisterande fylkesmann i Sogn og Fjordane.

Vinje og Hagen
Ei nynorsk Grunnlov har ein hatt lenge. I 1906 vart eit konkret framlegg frå Nikolaus Gjelsvik røysta ned i Stortinget, men lova levde vidare. Det kom oppdaterte versjonar i 1915 og i 1933. Fram til 1985 vart det jamleg publisert oppdaterte nynorskversjonar i handboka «Grunnloven vår». Utan eit vedtak i Stortinget, har denne lova ikkje hatt nokon offisiell status i rettsvesenet.

Det kan endra seg no, takka vera ein iherdig innsats frå tidlegare leiar i Frp, Carl I. Hagen, og professor emeritus Finn-Erik Vinje. I 2002 skreiv sistnemnde Frihetens palladium – i språklig belysning : om språket i Grunnloven. Carl I. Hagen plukka opp hansken, og saman laga dei eit framlegg til ny Grunnlov som dei så la fram for stortinget i 2008. Parlamentarisme er ingen leik, slike framlegg må liggja over eit val. Så fyrst i 2012 skulle kontroll- og konstitusjonskomiteen handsama saka. Det vart skipa til ei open høyring der Vinje la fram saka og der mellom anna sivilombodsmann Arne Fliflet og direktør i Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vinen snakka.

Den seinare handsaminga gjekk ikkje heilt som Vinje ynskte. Venstre sine representantar ville også sjå på sjølve innhaldet i lova, og KrF var skeptisk til å endra språket av di det kunne endra innhaldet.

– Sjølv mindre språklege endringar kan endra meininga og innhaldet i ein paragraf, og dermed også tolkinga av han, sa Geir Jørgen Bekkevold (KrF).

Komité ville ha to versjonar
Fleirtalet enda likevel på at dei ville ha ei språkeleg fornying, men ikkje Vinje sitt arbeid. Dessutan skulle det også lagast ei nynorsk utgåve. Presidentskapet sette ned eit utval som skulle gjera dette arbeidet, med Hans Petter Graver, dekan ved juridisk fakultet ved UiO, som leiar. I fjor haust kom framlegga frå utvalet, og dermed vakna ordskiftet på ny.

I vinter har argumenta gått fram og attende, og både Vinje og sivilombodsmannen har vore aktive. Ordskiftet har dreidd seg om to ting: på den eine sida er nokre redde for at språket Graver-utvalet har lagt seg på, ikkje er høgverdig nok, og på andre sida har ein teke til orde for ei endrings også i sjølve innhaldet i lova. Når saka etter planen skal opp i Stortinget i løpet av våren, vil det originale framlegget frå Vinje og Hagen vera eit alternativ. Saka ligg no til handsaming hjå kontroll- og konstitusjonskomiteen.

– Positiv påverknad
Gunnar O. Hæreid i Juristmållaget meiner at det har tent arbeidet at det har kome to utgåver.

– I begge dei to utkasta er det lagt ned mykje større flid enn vanleg for å få eit godt og presist språk, slik det bør vera med ei Grunnlov. Eg vil tru at arbeidet med nynorskversjonen har påverka arbeidet med den moderne bokmålsversjonen, og omvendt, slik at utkasta på den måten har vorte endå meir gjennomarbeidde og presise enn det ei modernisering av den gjeldande Grunnlova til bokmål, ville vera.

– Vil ikkje to utgåver kunne skapa usemje?

– Det vil alltid oppstå tolkingstvil når lover skal tolkast. Til dømes vil nok mange av føresegnene i Grunnlova måtta tolkast på bakgrunn av den europeiske menneskerettskonvensjonen, som har offisielle utgåver på engelsk og fransk, og der det også finst ei «halvoffisiell» norsk omsetjing i menneskerettslova. Vanlege lover vert mellom anna tolka på grunnlag av førearbeid til lovene, rundskriv, rettspraksis og forvaltnings- og forretningspraksis. Eg har vanskar med å skjøna at det kan skapa så mykje forvirring å ha to versjonar. Tvert imot vil versjonane på bokmål og nynorsk ha ulikt presisjonsnivå der dei to målformene har nyanseskilnader, og det kan difor bli lettare å tolka dei enn der det er menneskerettskonvensjonen som fyller ut rettskjeldebiletet.

Viktig med forståeleg språk
– Kritikarane meiner at lova mister det høgtidlege preget ved å gjera språket forståeleg. Er det slik ein skal få respekt for Grunnlova, at ho er skriven på eit høgverdig språk?

– Juristmållaget har i lengre tid arbeidd for å fremja godt og klart språk, både på bokmål og på nynorsk. Me er på ville vegar dersom antikvariske ordformer med aner tilbake til då Noreg ikkje var sjølvstendig, skal brukast for å visa høgtid. I markeringa av grunnlovsjubileet vert det lagt stor vekt på kva Grunnlova har å seia for demokrati og folkestyre. Ein konsekvens av dette bør vera at Grunnlova har ei språkdrakt som er eigna til å fremja folkestyret. Dersom me har ei Grunnlov som berre folk med fem års utdanning i rettsvitskap eller statsvitskap evnar å forstå, så vil folkestyret li.

– Blir det rett å seia at nynorsken lever godt i jussen?

– Det er rett at nynorsken i eit historisk perspektiv lever godt i jussen. Det har aldri vore så lett å vera jurist og skriva nynorsk som i dag, og det er fleire juristar som skriv nynorsk enn nokosinne. Likevel er ikkje alt rosenraudt. Me høyrer om jusstudentar som okkar seg fælt og hetsar nynorskformer. Og me høyrer, rett nok sjeldan, om private og offentlege arbeidsgjevarar som forbyr tilsette å skriva nynorsk, til og med i intern kommunikasjon. Til dømes har Oslo kommune, som kallar seg byen med det store hjartet, i bystyret vedteke at all intern kommunikasjon skal gå føre seg på bokmål, trass i at kommunen har definert seg som ein språknøytral kommune. Og eg har inntrykk av det har vorte vedteke færre lover på nynorsk siste tida. Ofte er lovene som kjem på nynorsk, ganske korte lover med tilknyting til landbruk og fast eigedom, medan dei lovene som er oppfatta som viktigaste, framleis kjem på bokmål. Så det er langt fram til jamstelling. Ut frå dette er det særskilt viktig at Grunnlova også kjem på nynorsk, seier Hæreid.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...