Heim Nyhende – Mykje å gle seg over for nynorsken

– Mykje å gle seg over for nynorsken

Leiaren i Norsk Målungdom, Synnøve Marie Sætre, om kva som har gledd og skuffa ho mest i 2015.

 

Kva har gledd deg mest i 2015?

– Det gler meg at så mange engasjerer seg for språket mitt, for dialektane og for språkmangfaldet. I året som har gått har eg møtt mange lærarar som gjer ein kjempejobb for at elevane skal bli stolte nynorskbrukarar eller flinke i sidemålet sitt. Det er noko som både gler meg og motiverer meg. Slike lærarar treng me fleire av! Den siste tida er det fleire og fleire kommunar som har teke i bruk nynorsk som opplæringsspråk for vaksne innvandrarar, og det er òg ein ting å gle seg over. Ein av mange. I romjula fekk me ei ekstra julegåve, nemleg Donald på nynorsk!

Kva har skuffa deg mest i 2015?

– Eg vert skuffa når me får inn klage på klage frå studentar som ikkje har fått eksamenen sin på nynorsk, og når eg høyrer om studentar som ikkje møter forståing når dei ynskjer å få eksamensoppgåva på sitt eige språk. Eg vert ikkje overraska, men like fullt skuffa, når politikarar nyttar valkampen på å sanke røyster ved å setje den språklege jamstillinga på spel i kampen for valfritt sidemål. Desse skuffelsane gjer meg heldigvis meir engasjert, og meir takksam for at eg får jobbe for språket mitt kvar dag.

Kva er det største ønsket ditt for 2016?

– Eg ynskjer meg meir språkleg toleranse. Eg ynskjer meg at alle skal få snakke og skrive som dei vil utan å verte utsette for negative ytringar om språket deira. Eg håpar på å få sjå meir nynorsk i riksavisene, og at færre studentar vert nøydde til å klage på manglande eksamensoppgåve på nynorsk.

Kva bok vil du anbefala andre å lesa i jula?

– Tonje Glimmerdal av Maria Parr, heilt klart. Den boka har eg gjeve i gåve mange gongar fordi det er ei bok alle burde ha lese, både vaksne og born. Det er ei klok bok, og eit godt døme på god nynorsk barnelitteratur som endå fleire burde bli kjend med. Maria Parr skriv snyta godt, og historia om Glimmerdalens vesle dunder treffer deg rett i hjartet og er nesten ei kjenslemessig påkjenning.

LES OGSÅ: Maria Parr: – Alle barndommar er like viktige

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...