– Dette er jo kjempenyhende. Det er strålande. Det kjem seint, men godt, seier leiar i NMU, Vebjørn Sture til Framtida om at Wordfeud no kjem på nynorsk.
– Me har fått mange spørsmål om Wordfeud på nynorsk. Me ser på dette akkurat no, og håpar å få det klart i haust, seier Håkon Bertheussen til Framtida.no.
Han er mannen bak verdas mest populære ordleik-spel. Han er usikker på når på hausten spelet vil kome med nynorsk ordliste.
I mars sendte ordføraren i Eid kommune og leiaren av Eid Målungdom brev til Landssamanslutninga av nynorskkommunar med oppmoding om at ein jobba for dette, også målungdommen har engasjert seg.
Kommunestyret i Luster vedtok denne uttalen om Wordfeud ”Kommunestyret meiner dette vil vera eit synleg, konkret og effektiv tiltak for å gjera nynorsk til eit meir tilgjengeleg bruksspråk for ungdom over heile landet”.
– Eg har registrert at det har vore mange som har etterlyst Wordfeud, og me har hatt det på lista vår over ting å gjera i lang tid, seier Håkon Bertheussen til Framtida.no.
Wordfeud har no snart 18 millionar nedlastingar.