Heim Nyhende Nordfjordeid på Riksantikvarliste

Nordfjordeid på Riksantikvarliste

Tettstaden Nordfjordeid i Sogn og Fjordane er komen med på den nasjonale lista over byar og tettstader med kulturmiljø av nasjonal interesse.

 

Ifølgje Riksantikvaren omfattar databasen NB!registeret 75 bymiljø i Noreg. Riksantikvar Jørn Holme kjem sjølv til Eid kommune fredag 25. juli for å markere at Nordfjordeid blir tatt inn på den nasjonale lista, fortel Fjordenes Tidende.

– Nordfjordeid i Eid kommune i Sogn og Fjordane er ein tettstad med ei uvanleg rik kulturhistorie, der du enno i dag kan følgje historia sine spor i Noreg frå vikingtida heilt fram til i dag på ein og same stad, heiter det mellom anna i skildringa Riksantikvaren har gitt av staden.

Det er tre ulike tettstadmiljø i Nordfjordeid som no samtidig hamnar i registeret. Frå før er Sogn og Fjordane representert med Gamle Lærdalsøyri, Høyanger sentrum og Strandgata i Florø.

NB!registeret skal angi område der det må visast særlege omsyn i samband med vidare forvalting og utvikling, men å stå i lista inneber ikkje formelt vern av eit kulturmiljø, ifølgje Riksantikvaren. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...