Heim Nyhende Norsk Ordbok manglar bokstavane A til H

Norsk Ordbok manglar bokstavane A til H

Norsk Ordbok har fått 150 millionar kroner til den tolv band store papirutgåva, men ikkje noko til nett. Nettversjonen manglar alle ord frå A til H.

Om halvanna år er det tolv band store verket Norsk Ordbok i boks. Uheldigvis vil ingen ord mellom A og H vere råd å søkje på i den digitale utgåva, skriv forskingsmagasinet Apollon.

– Moderne norsk er dessverre ikkje skikkeleg dokumentert frå A til H, verken på papir eller digitalt, beklagar prosjektdirektør for Norsk Ordbok, Åse Wetås ved Universitetet i Oslo.

Banda 1 til 4 av Norsk Ordbok kom ut i høvesvis 1966, 1972, 1994 og 2002. Det var før dataalderen hadde nådd ordbokverda.

Norsk Ordbok 2014 blei oppretta ved Universitetet i Oslo i 2002. Redaksjonen skulle fullføre ordboka til grunnlovsjubileet i 2014. Ordboka har fått meir enn 150 millionar kroner frå Stortinget, men ingen pengar til nettutgåva.

Åse Wetås gjer det klart at ordboka har avgrensa bruksverdi så lenge ikkje heile verket er digitalisert.

– Utan ein digital fullversjon er det ikkje råd å revidere ordboka tematisk. Det er heller ikkje nok å digitalisere dei fire første banda slik dei er i dag. Språket har endra seg sidan førti- og femtitalet, seier ho.

Ordbokredaktørane fryktar at ordboka vil forvitre om dei ikkje får fullføre arbeidet.

Rektor Ole Petter Ottersen seier til Apollon at universitetet er klar over dette, men at dei må diskutere med Kulturdepartementet før dei kan seie noko om kva som skal skje. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...