Heim Nyhende NRK snur og innfører lengre distriktssendingar

NRK snur og innfører lengre distriktssendingar

NRKs omlegging av distriktssendingane har ført til mange reaksjonar frå misfornøgde lyttarar. No snur kanalen og lovar igjen lengre distriktssendingar.

 

Sendingane i forkant av Dagsrevyen blir no justert opp frå fem til ti minutt. Samtidig beheld NRK den nye sendinga før Kveldsnytt. Dermed er den totale sendetida tilbake på same nivå som før endringa frå nyttår.

– Vi har rett og slett undervurdert den enormt sterke relasjonen sjåarane har til TV-nyheitene frå sitt distrikt. Det har vi no tatt innover oss. Derfor forlenger vi distriktssendinga i forkant av Dagsrevyen, seier distriktsdirektør Grethe Gynnild-Johnsen.

Reaksjonar

Kulturminister Trine Skei Grande (V) er ein av dei som med ein gong reagerte positivt på NRKs kuvending.

– Bra. NRK endrar sendeskjemaet og gir likevel plass til lengre distriktssendingar før Dagsrevyen. Det er eg glad for, dette er viktig for distriktstilbodet, skriv ho på Twitter.

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum har sendt Grande spørsmål om saka til den første ordinære spørjetimen for den ferske statsråden kommande onsdag.

– Det er bra at NRK lyttar, sjølv om eg helst hadde sett at den opphavlege lengda på 15 minutt vart behalden. NRK bør ta engasjementet som eit kjempekompliment og ikkje eit angrep, sjølv om det kanskje er nokon i leiinga som har det litt vanskeleg akkurat no, seier Vedum.

Korta ned

NRK la frå nyttår om til tre kortare distriktssendingar på fem minutt kvar på TV. Bakgrunnen for omlegginga er dei store endringane i medievanane, med blant anna markant nedgang i sjåartala på såkalla lineære TV-sendingar. Undersøkingar viser at nordmenn under 60 år oppgir mobilen som viktigaste kjelde til nyheitsoppdatering.

Men omlegginga fall ikkje i smak hos mange av sjåarane, og Kringkastingsrådet har fått fleire hundre klager etter omlegginga. Også fleire NRK-veteranar har uttrykt seg kritisk til omlegginga.

– NRKs oppdrag er å nå heile befolkninga med distriktsnyheiter. Hensikta med omlegginga har vore å styrke det totale tilbodet vårt til publikum ved å dreie noko av innsatsen over på nett og mobil, som er dei viktigaste plattformene for nyheiter for ein stadig større del av befolkninga, seier distriktsdirektør Gynnild-Johnsen, som no slår fast at for ein del av det trufaste publikummet er desse sendingane på TV det aller viktigaste i deira mediekvardag.

Distriktsdirektøren understrekar samtidig at NRK vil fortsette arbeidet med å utvikle nye måtar å nå ut med distriktsnyheiter på nett og mobil på. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...