Heim Nyhende Ny barnesong om vekedagane

Ny barnesong om vekedagane


Tysdag ho er mild og fin. Blyg som snøklokka om våren … Onsdag, derimot, er ein virvelvind. Slik går dagane i den nye songen om vekedagane som Nynorsksenteret har fått laga.

Vekedagane er altså ein splitter ny barnesong, på nynorsk. Den har kome til som eit resultat av Nynorsksenteret sitt ønskje om at det skal finnast fleire brukssongar for barn på nynorsk. 

Men eigentleg byrja songen som eit dikt, fortel Arild Torvund Olsen ved Nynorsksenteret. 

– Me kontakta Hilde Myklebust, som er lyrikar og har skrive bøker for både vaksne og born, for å høyre om ho kunne skriva eit dikt om vekedagane. Resultatet vart så fint at me fann ut at me ville gjere meir med teksten, seier Olsen.

Animatøren Martine Grande fekk i oppdrag å lage illustrasjonar til teksten. Ho har tidlegare laga filmen om Jakob og Neikob. Heidi Marie Vestrheim, musikar og programleiar i NRK Super, har sett tonar til Vekedagane. No er det berre for små og store å ta songen i bruk. 

– På heimesidene til Nynorsksenteret kan folk sjå ein illustrert musikkvideo til songen, laste ned innspelinga til Heidi Marie Vestrheim, skrive ut illustrerte ark for kvar vekedag eller skrive ut songteksten med gitargrep. Og alt er gratis, seier Arild Torvund Olsen. 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...