Heim Nyhende Ny optimisme i Høyanger

Ny optimisme i Høyanger

Ny teknologi skal vere med og få Høyanger på fote etter fabrikk-konkursen som førte 350 menneske ut i arbeidsløyse i 2009.

Då felgfabrikken Fundo gjekk konkurs, var det mellom anna som følgje av finanskrisa, som meir eller mindre stoppa ordretilgangen frå bilprodusentane. Konkursen resulterte i arbeidsløyse i eit omfang Høyanger kommune aldri hadde opplevd før.

– Vi visste at felgfabrikken ikkje ville vere levedyktig i framtida, og vurderte nye bedrifter og nye marknader som kunne overta dei tilsette på sikt. På det tidspunktet hadde i tillegg Hydro lagt ned ein av aluminiumshallane sine, med 129 tilsette, forklarar ordførar Kjartan Longva (Ap).

Industrikommunen hadde fått omstillingsmidlar som følgje av dette og var godt i gang med å planleggje ei ny framtid. Men avviklinga av Fundo kom raskare enn dei var førebudde på, og framtida såg med eitt mørkare ut.

– Det er ikkje kjekt å sjå at det står vaksne folk og heng på alle hjørne i bygda, seier ordføraren om tida etter konkursen. – Vi har aldri hatt vidare arbeidsløyse her i kommunen, så dette var ein ny situasjon.

Omstillingsmidlar

No, to år seinare, er talet arbeidslause redusert til mellom 60 og 70. Sjølv om det også er for høgt, meiner ordføraren det er god grunn til optimisme.

– Regjeringa har vore gode i denne tida. I tillegg til midlane vi fekk etter at Hydro la ned, fekk vi no 30 nye omstillingsmillionar, seier ordføraren.

Framtidsplanane kommunen jobba med då Fundo gjekk dukken, innebar satsing på industrialisert forsking, og dette arbeidet har no byrja å gje konkrete resultat. I dag har tre verdspatent sitt opphav i Høyanger, og ordføraren trur mykje av svaret på Høyanger sine utfordringar ligg her.

Dei tre patenta det er snakk om, er ein ny type hybridfelg, ei brenselcelle som bruker drivstoffet i køyretøyet til å lage straum, og ein ny prosess for å konvertere naturgass til karbonpulver.

Nye eigarar

Eit fransk selskap, Saint Jean Industries, kjøpte i fjor opp Fundo og har etablert seg i eit av dei gamle industribygga i kommunen. Allereie til sommaren reknar dei med å levere den første prøva på denne nye typen felgar til bilfabrikken Audi, og Saint Jean Industries hevdar dei vil kunne ha 192 tilsette i fabrikken sin om fire år.

Når det gjeld vidareforedling av brenselceller, er det bestemt at det skal byggjast ein fabrikk på Kyrkjebø, der ein skal byggje og montere denne brenselcella i køyretøy til mellom anna det militære. Kommunen har brukt av omstillingsmidlane sine til å leggje tomta til rette. SIVA vil byggje fabrikken, og firmaet Cold Flame Tech skal leige og drive med mellom 60 og 70 tilsette. Fabrikken vil truleg vere i drift våren 2012.

Treng investorar

Karbonfabrikken, som skal gjere naturgass om til karbonpulver, leitar framleis etter investorar. Kommunen har gått inn på eigarsida med 17 prosent, men det trengst også tyngre industrielle aktørar, seier Longva. Også Forskingsrådet er involvert i dette prosjektet, som truleg vil lokalisere seg på avlagt grunn etter Hydro.

Med desse tre verdspatenta i ryggen trur ordføraren at kommunen kan få stetta både kortsiktige og langsiktige behov.

– Vårt kortsiktige mål er å få flest mogleg folk ut i arbeid att. Det har vi greidd til ein viss grad, men utfordringa med dei som står att, er mellom anna at dei ikkje nødvendigvis har den kompetansen som desse nye bedriftene treng.

På lang sikt er utfordringa å gjere kommunen mindre avhengig av ein eller to store bedrifter, slik situasjonen har vore sidan aluminiumsindustrien gjorde sitt inntog på byrjinga av førre hundreåret. Etablering av nye bedrifter tufta på ny teknologi vil gjere kommunen meir allsidig og mindre avhengig, seier Longva.

Ein uknekkeleg blom

Nyleg vart det óg klart at eit psykiatrisk sjukehus med fokus på rusomsorg har fått trygge rammer frå Helse Vest, noko som tryggar arbeidsplassane for bortimot hundre tilsette.

– Vi er eit samfunn og eit folk som ikkje let oss knekkje så lett, seier ordføraren og viser til at Høyanger valde seg løvetanna som kommuneblom for nokre år sida. – Den blomen veks gjennom asfalt, han lèt seg heller ikkje knekkje.

Etter nokre år med nedtur og omstillingar har no kommunen bestemt seg for å gjenreise omdømmet sitt. Det er nedsett ei omdømmegruppe som i desse dagar reiser til Oslo for å diskutere med profesjonelle kommunikasjonsfolk kva som kan gjerast. Arbeidet er i oppstarten, og noko konkret i form av visjonar og slagord har ikkje ordføraren enno.

Sjølv får ikkje Kjartan Longva vere med og styre den nye framtida for Høyanger, i alle fall ikkje frå ordførarsetet. Denne vinteren går han av med pensjon, og han stiller heller ikkje til val att til hausten. – Etter 16 år som ordførar er det på tide å sleppe yngre krefter til, seier Longva.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...