Heim Nyhende Nye krefter i Noregs Mållag

Nye krefter i Noregs Mållag

Håvard B. Øvregård har sagt ja til attval som leiar i Noregs Mållag. Inn i styret kjem også nye krefter, deriblant Helga Hjetland.

Håvard B. Øvregård er 34 år, bur i Oslo, og kjem frå Bjørkedal i Volda. Øvregård har no takka ja til attval som leiar i Norges Mållag.

– Eg vil prioritere å få fram forsking på målbyte frå nynorsk til bokmål i skulen, seier han i ei pressemelding.

Av nye namn i styret kan ein nemne tidlegare leiar i Utdanningsforbundet, Helga Hjetland, som har sagt ja til å vere styrekandidat.

– Eg har vore medlem i Mållaget heile livet, men det er fyrst no eg endeleg har tid til å engasjere meg. Eg har arbeidd mykje med barn og unge i skulen og ser kor viktig det er å gjere både dei unge, og dei vaksne i skulen medvitne og stolte av språket sitt, seier  Hjetland og legg vekt på at ho i Utdanningsforbundet har arbeidd mykje med retten til morsmålsundervisning, og at dette er viktig for målsaka

Jens Kihl stiller til nestleiarvervet. Med sine 24 år er han ein av dei yngste nestleiarane i Mållaget nokon gong. Jens Kihl er tidlegare leiar i Norsk Målungdom og kjem frå Oslo. Det nye styret vert valt på landsmøtet i Noregs Mållag på Stiklestad helga 16. – 18. april 2010.

Førre artikkelMytisk merkevare
Neste artikkelUngt engasjement

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...